
DETTE ER BREMNES FRYSERI
Det handlar om sunn mat hausta frå havet. Om gründermentalitet og innovasjon, og berekraftig produksjon. Om gode arbeidsplassar, stolthet og lokal identitet, men mest av alt handlar det om kvalitet.
LOOK TO NATURE
Grunnfilosofien bak lakseproduksjonen til Bremnes Fryseri er «Look to nature». Heilt frå laksen er rogn til han er vaksen prøver me å kopiera tilhøva i naturen etter beste evne – ut frå det me veit om biologien til villaksen. Målet er å skapa best mogleg fiskehelse og fiskevelferd, to særs viktige byggjesteinar som ligg i botn for heile verksemda vår.
Bla ned
for å utforske
Me sikrar trygg produksjon
og topp kvalitet!
Me utviklar rogn med særleg gode eigenskapar i samarbeid med stamfiskanlegg. Etter klekking veks yngelen opp i eit ferskvatnanlegg.
Laksesmolten vert sett ut i sjøen når han er omlag 100 gram. Der veks han fram i merdar med ekstra god plass til han kan haustast. Kombinert med friskt vatn og gunstige straumforhold sikrar me laksen god fiskehelse.
Når laksen er omlag 5 kilo vert han transportert levande frå dei ulike oppdrettsanlegga, til opptak og handsaming ved fabrikken vår i Øklandsvåg. Ferdige produkt av ulike slag vert her klargjort og lasta for distribusjon til kundar over heile verda.
Vår fokus på kvalitet frå start til mål gjev eit sluttprodukt av høgaste kvalitet.
Rogn
Januar 2018
Yngel
Mars 2018
Smolt-utsetjing
April 2018
Vekst
April 2018 – August 2018
Hausting/foredling
August 2018





Rogn
Januar 2018
Investeringsvekst
i 1 000 NOK

FJERNSTYRT FÔRING GIR
STORE FORDELAR
Alfred Økland styrer joysticken stødig. Flyttar blikket frå skjerm til skjerm. Analyserer rørslemønsteret til fisken. Veit akkurat når han skal gje laksen fôr og kva han skal sjå etter. I det nye tilvekstsenteret i Håvik har operatøren full oversikt over anlegget ved Espevær – fleire mil unna
Samfunnsrekneskap
I 2018 bidrog Bremnes Fryseri AS (med dotterselskap) med kr 85 954 000 i skatt og avgifter minus motteke offentlege innskot. Dette tilsvarar:
815
Elevplassar i grunnskule
167
Årsverk for lærarar
164
Årsverk i politiet
100,3
Km med ny asfaltdekke
112
Tesla Model X 75D
I tillegg bidrog me med






815
Elevplassar i grunnskule
Sponsormidler
i 1 000 NOK

Smaken av Espevær
Dei nyrøykte Salma Smoked-loinane med den nydelege fargen vert behandla med kjærleik frå dei tilsette på Espevær Røykeri.
Frå røykeomnen går turen via kjølerommet til vakummaskina, og vidaretil vektkontroll før dei vert pakka med kjøleelement i Salma-esker.
Raske hender med høg presisjon sikrar heile prosessen.
Kartet dukker opp her.

HOVUDTAL 2018
Eigenkapital
Vekst
omsetning
Avkastning
på sysselskatt kapital (ROCE)%
Sum
investering MNOK
Våre viktigaste ressursar
I Bremnes Fryseri er det mange som ope fortel at dei er stolte av å arbeida i verksemda. At dei er stolte av å produsera Salma. Og at dei er stolte av å kunna produsera millionar av sunne laksemiddagar til menneske verda rundt. Me er stolte av å ha dei som medarbeidarar!
Saman dreg me den mest spennande og innovative norske lakseverksemda i same retning. Inn i framtida mot nye marknadar.
tilsette
jobbar hos oss