Overnevnte bilde blir automatisk lagt inn her.

“Bla ned for å se mer” gadgeten

Bla ned
for å utforske

 

Investeringar for framtida
Olav Svendsen, konsernsjef

Norsk laks- og oppdrettsnæring er i inne i ein utfordrande periode. Det har vore store forandringar dei siste åra.

Prisane er rekordhøge, kostnadane har meir enn dobla seg på nokre få år, og produsert kvantum har nærast stått stille. Alt dette fører til heilt nye og andre utfordringar som me i Bremnes Seashore arbeider mykje med for å løyse.

I vårt område har dei biologiske utfordringane vore særleg store. Dette fører til høge produksjonskostnader og for lav produksjon. For å møte dette har me investert i to store storsmoltanlegg. Eitt i Trovåg og eitt i Tytlandsvik. Sistnemnde har me bygd saman med Grieg og Vest Havbruk.

Desse anlegga vil gje oss smolt frå 500 gram og oppover. Dette vil gje oss ei vesentleg kortare produksjonstid i sjøen, ned til eitt år, noko som gjer at me reduserer tida for fisken der dei biologiske utfordringane er størst. Allereie i år vil me sette ut smolt frå desse anlegga.

Vidare har me investert i mykje nytt utstyr til matfiskanlegga. Dette for å gjere produksjonen enklare, og meir kostnadseffektiv og bærekraftig. Laksepakkeriet har også gjennomgått ei stor oppgradering dei siste åra. Dette arbeidet nærmar seg no ferdig.

Resultatet er større kapasitet, og ikkje minst vil me oppnå enno betre kvalitet på produkta våre. Dette styrker våre merkevarer, SALMA og BÖMLO, og det vil glede våre gode og trufaste kundar.

I 2018 kjøpte vi inn varer og tenester for 1,36 milliardar kroner. For å handtere alle desse innkjøpa på ein god måte har me oppretta ei eigen innkjøpsavdeling. Dette vil gjere innkjøpa enklare, meir heilskaplege og kostnadseffektive.

Høge laksepriser skulle en tru var berre positivt. Men det får også nokre uana konsekvensar.

Rundt omkring i verda vert det no bygd opp store lokalitetar for landbasert produksjon av laks. Desse anlegga ligg mykje nærare marknaden og vil om nokre år bli store konkurrentar til laks produsert i Noreg. Dette vil føre til varige endringar av lakseproduksjonen, og me vil møte heilt andre utfordringar enn dei me har i dag.

Ei anna sak som trugar utviklinga er den føreslåtte statlige særskatten på oppdrettsnæringa. Den vil vere svært konkurransevridande og gi våre utanlandske konkurrentar store fordeler i ein internasjonal marknad. I all hovudsak investerer me vårt overskot i betre anlegg, nytt utstyr og nye produkt. Det gjer me for å få ei meir framtidsretta bedrift for eigarane og alle dei tilsette. Eg håpar regjeringa ser at dette skatteforslaget vil vere heilt feil for vår næring.

– Eg har nokre klare håp og ynskjer for tida framover. Det eine er at me oppdrettarane i Hordaland og Rogaland samarbeider enno meir.

Olav Svendsen, konsernsjef

Målet må vera å få på plass gode oppdrettsoner som gjer at me unngår pålagt 6 % reduksjon i produksjonen. Me dyrkar og haustar i den same sjøen og vil kunne oppnå ein vinn-vinn situasjon knytt til biologiske utfordringar ved meir samspel.

Eg er og oppteken av at me får til ei akvakulturlinje på Bømlo. Dette arbeider me aktivt med og har store forventningar til. For oss er det viktig å rekruttere ungdommar frå nærmiljøet. Dei skal sikre solid lokal forankring og utfordre oss med ny teknologikunnskap i åra som kjem.

2019 har vore eit godt år for Bremnes Seashore. Resultatet skulle eg ynskt vart betre, men me har fått utvikla selskapet mot eit meir bærekraftig og framtidsretta selskap.

Eg vil rose alle våre fantastiske og dyktige medarbeidarar som kvar dag står på for bedrifta vår. Dei får stadig nye utfordringar som dei løyser på ein framifrå bra måte. Eg er stolt når eg ser kva me får til saman, og kva omdømme bedrifta har i lokalsamfunnet og ute i marknaden!