Pioneeren

Me utviklar næringa

Bremnes Fryseri skal utvikla oppdrettsnæringa. For å lykkast må me prøva og feila, og me gir difor våre tilsette rom for å utforska nye idear. Me veit at me oppnår dei beste resultata i samspel med andre, og me samarbeider difor med mange andre oppdrettarar og leverandørar, næringsklynger, forskings- og utdanningsinstitusjonar og offentlege verksemder.

Frosen kvalitetslaks til verdsmarknaden

Myobiotec, som er Bremnes Fryseri si forskingsverksemd, fekk i oktober midlar frå Design og arkitektur Norge til å framstilla frosen laks av sashimikvalitet. Frosen laks held seg lenge, men blir oppfatta av mange som eit lite eksklusivt produkt. Konsernet har lenge ønskt å utfordra dette. Ved å ta i bruk ei designdriven tilnærming skal Myobiotec framstilla prototypar av foredla laks, som i fryst tilstand held like høg kvalitet som fersk laks. Dette opnar for at me kan senda fryst fisk med skip i staden for fly til marknader langt vekke – noko som reduserer klimaavtrykket.

Høgkvalitets superfryste lakseprodukt kan skapa eit nytt eksporteventyr, der me aukar verdiskapinga i Noreg og reduserer klimaavtrykket frå næringa.

Laila Knarvik innovasjonssjef

"

Snorkelmerdar reduserer luseproblemet

Saman med utstyrsleverandøren Egersund Net og Havforskingsinstituttet, har Bremnes Seashore testa effektane av ein ny type merdar ved lokalitetane Låva og Prestholmane i Rogaland. I snorkelmerden er det eit nettingtak på 10–20 meters djup som skil laksen frå overflatevatnet der luselarvane rører seg, med ein tett tube midt i merden der laksen kan symje til overflata og snappe luft. Snorkelen gjer at laksen kan få etterfylt symjeblæra, utan å bli utsett for luselarvar. 

Tilsett i Bremnes Seashore, Lena Geitung, publiserte i oktober ein artikkel i det vitskapelege tidsskriftet International Journal for Parasitology, saman med forskarar frå Havforskingsinstituttet og Universitetet i Bergen. Artikkelen viser at tubenøter reduserte lusepåslaget med 75 prosent og avlusingsfrekvensen med 43 prosent. 

Nye produksjonsmetodar for postsmolt

Før produserte me smolt med storleik rundt 100 gram i gjennomstraumingsanlegg, der me hadde naturleg temperatur frå inntaksvatnet. Dette gav låg temperatur om vinteren og høg temperatur om sommaren. No blir smolten 500-700 gram før me set han ut i sjøanlegg. Produksjonen skjer i resirkuleringsanlegg med temperatur på 12-14 grader heile året. Dette gir nye utfordringar, og me treng nye metodar for å få god tilvekst og unngå tidleg kjønnsmodning. I samarbeid med Universitetet i Bergen har me fått fire forskings- og utviklingsløyve, der me skal gjennomføra forsøk med lysrytme, fôrstyrke og temperatur.

Forskingsrådet har finansiert to prosjekt, som me skal gjennomføra saman med Universitetet i Bergen og Akvaplan Niva. Det eine prosjektet (FREMAD) skal fokusera på optimale produksjonsmåtar i postsmoltanlegga våre, slik at me unngår kjønnsmodning før fisken blir sett ut i sjøen. Det andre prosjektet (SWIMFIT) skal sjå på effekten av trening. På same måten som folk blir sprekare av trening så vil òg fisken koma i betre form. Mykje tyder på at dette varer heilt fram til slaktetidspunkt. 

Konsernet prioriterer utviklingsarbeid. I 2019 tok me leiarrolla i arbeidet for å oppnå fossilfri drift av oppdrettslokalitetane i Noreg. Prosjektet er eit godt døme på kva ein kan oppnå ved å samarbeida med aktørar utanfrå oppdrettsnæringa.

Simon Nesse Økland utviklingssjef

"

Verdas fyrste heilelektriske oppdrettsanlegg

Under sjømatmessa Aqua Nor i august presenterte Bremnes Seashore, teknologiutviklaren ABB og miljøstiftinga Bellona stornyhendet: Lokaliteten Loddetå skal bli verdas fyrste heilelektriske oppdrettsanlegg. Innsparinga frå dieseldrift er på omlag 110 000 liter diesel årleg, og utsleppa av CO2 blir redusert med rundt 292 tonn.

Illustrasjon: ABB / Bellona

Mange oppdrettslokalitetar har dei siste åra fått landstraum til fôrflåten. Ved utgangen av 2019 var 11 av Bremnes Seashore sine lokalitetar kopla til landstraum, medan to gjekk på hybriddrift. Alle våre anlegg skal ha landstraum eller hybriddrift i løpet av 2020. Landstraum gir fornybar energi til drift av sjølve flåten og fôringssystemet, som utgjer om lag 50 prosent av CO2-utsleppa frå lokaliteten. 

Gjennom straumtilkopling heilt ut til merdane kan me gå over til elektrisk drift av notspyling, mannskapsbåtar og arbeidsbåtar, og få til fossilfri dagleg drift av lokalitetane. Bellona meiner dette kan redusera CO2-utsleppa frå næringa med 400 000 tonn årleg.

I tillegg til reduserte klimagassutslepp vil elektrifiseringa gje betydeleg lågare lydnivå enn dagens dieselaggregat. Dette er godt nytt for dei tilsette og laksen på lokaliteten, og hus- og hytteeigarar i nærleiken. 

Den heilelektriske lokaliteten Loddetå skal etter planen opnast på vårparten i 2020. Det er ikkje kommersielt lønsamt å fullelektrifisera lokalitetane enda, men konsernet håpar pilotprosjektet vil starta arbeidet i retning av ei lønsam, fossilfri drift av oppdrettslokalitetar i Noreg. 

Bremnes Seashore er medlem i: