Open dag – Kajeredi

28. september 2019 arrangerte velferdsgruppa til Bremnes Seashore Open dag – «Kajeredi»-dagen – for eigne tilsette med familie, og lokalsamfunnet.

Målet for dagen var å skapa stoltheit og samhald blant dei tilsette i selskapa til konsernet ved å visa familie og venner «Kajeredi» på. 

Visjonen var at «alle som gjekk frå arrangementet skulle ha meir informasjon og kunnskap om konsernet og bransjen generelt enn då dei kom».

Til dagen vart det laga 100 m2 med bannerar og plakatar med informasjon om heile konsernet, historia og fakta og informasjon om verdikjeda frå rogn til ferdig høgforedla SALMA-produkt. Det vart og laga filmar og eit eige informasjonshefte til dagen der ein kunne sjå og lese endå meir om laksen si reise, kva arbeidsplassar som finst i konsernet og ikkje minst historia frå Olav Svendsen sr. starta som ung gut i 1937 og utviklinga fram til i dag, i teikneserieform.

Sander Grindheim viste stolt fram det nye opptaksanlegget til besøkande på Kajeredi-dagen.

Det vart i tillegg arrangert omvising på ventemerd, opptaksanlegg, foredling og «kjøla». 

Mange besøkjande nytta også høvet til å koma om bord for omvising i brønnbåt.

For dei minste arrangerte Salmon Brands ekte kokke-kurs og det vart rekruttert mange nye stolte SALMA-kokkar i kantina den dagen. Det var og mange små som nytta høvet til å prøva fiskedammane og få med seg litt drops heim frå maskotten Lakseloine. Om lag 40 kg Lakseloine-drops forsvann i løpet av dagen. 

Kokkekurset til Salmon Brands rekrutterte mange nye stolte SALMA-kokkar.

Salmon Brands serverte smaksprøvar på alle SALMA-produkt, noko som heilt tydeleg vart sett pris på. Det var og laga til fabrikkutsal og mange kjøpte med seg SALMA-produkt heim.

Heine Totland med bassist stod for musikalsk innslag frå scena før Geir Ersland intervjua nøkkelpersonar frå konsernet og fekk fram dei gode historiane frå starten på oppdrettseventyret og fram til i dag. Det vart og litt tid til drøs om framtida. Geir Ersland og Kystsonglaget avslutta scenedelen med eigenkomponert song for dagen «Demann for ein laks».

Mellom 1 500 og 1 800 besøkjande var innom i løpet av dagen og tilbakemeldingane var gjennomgåande positive. Mange syntes det var spennande å sjå utviklinga som har skjedd i Kvednavikjo, sidan dei sjølve hadde sommarjobb eller fast jobb ein gong, og for dei tilsette var det kjekt å kunne visa born og familie «Kajeredi» på arbeidsplassen. 

Over 70 tilsette var med som frivillige på ulike postar og standar i løpet av dagen. Utan deira innsats kunne ikkje dagen ha blitt gjennomført. Det er ein fantastisk gjeng som jobbar i konsernet vårt!