Live Cold Fish

Fiskevelferd = kvalitet

– Me ønskjer ganske enkelt at fisken skal ha det best mogleg – både ut frå eit etisk perspektiv og av omsyn til kvaliteten på råstoffet, seier Anneli Nylund og Arvydas Karenga medan dei overvakar laksen si siste reis gjennom Live Cold Fish-anlegget i Øklandsvågen.

I den nye berekraftstrategien for konsernet set me eit tydeleg likskapsteikn mellom berekraftig produksjon og kvaliteten på produkta me leverer. Live Cold fish-anlegget til opptaksavdelinga er eit framifrå døme på korleis denne tenkinga blir omsett til praksis. I 2019 blei anlegget ferdigstilt med installasjonen av den siste, viktige komponenten: Den store utblødingstanken som sørgjer for ytterlegare kjøling av fisken før han går til slakteriet.

– Med den nye tanken i drift har me no verdas beste opptaksanlegg for laks. Det må me kunna seia, utan å ta munnen for full, synest fabrikksjef Geir Ivar Ådnanes og Jihad Salih, leiar for opptaksavdelinga.

Med den nye tanken i drift har me no verdas beste opptaksanlegg for laks.

Geir Ivar Ådnanes fabrikksjef

Kvalitet for framtida

I etasjen under oss gjer tusenvis av laks si siste reis. Ferda har starta i store haldetankar ute på kaiområdet, der halvanna grads vatn kjøler fisken og får han til å stressa ned. Frå kjøletankane sym fisken medstraums i kaldt vatn inn til avliving og bløgging, utan noko form for stressande pumping eller pressing. Deretter blør laksen ut i ein tank med endå kaldare vatn – før han blir transportert inn til vidare bearbeiding i slakteriet og foredlinga.

Med årvake blikk kontrollerer produksjonsmedarbeidar
Reidar Myren at all fisk er bedøvd og bløgga forskriftsmessig.

Heile prosessen er utforma for å gi best mogleg fiskevelferd og høgast mogleg kvalitet på fisken. Desse to målsettingane heng nøye saman, forklarer Ådnanes og seniorforskar Svein Olav Fjæra.

Inne i kontrollrommet har driftsoperatørane Anneli Nylund (t.v) og Arvydas Karenga (t.h), saman med leiar for opptaksavdelinga, Jihad Salih, full kontroll på både fiskevelferda og flyten i opptaksanlegget.

– God fiskevelferd er ikkje berre ein berebjelke i eit ansvarleg og berekraftig fiskeoppdrett, det legg også grunnlaget for kvaliteten på råstoffet vårt. Live Cold Fish-anlegget er med på å gi oss ein unik kvalitet som ingen andre har. Den kvaliteten er viktig for produkta me leverer i dag, men han gir oss òg eit unikt fundament for å skapa meirverdi gjennom å utvikla heilt nye lakseprodukt og merkevarer i åra som kjem, påpeikar Ådnanes.

– At god fiskevelferd gir god kvalitet, ser me tydeleg i analysane me gjer av blodprøvar og fiskekjøt. Blodprøvane gir låge utslag på stressparametrar, og me ser på kjøtet at fisken er avslappa og fin med lite mjølkesyre i muskulaturen. Alt dette viser at fisken har hatt det godt, supplerer Fjæra, som er tilsett i Myobiotec – Bremnes Fryseri sitt selskap for forsking og utvikling på tvers av konsernet.

Full kontroll på flyt og trivsel

Inne i kontrollrommet kan Anneli Nylund og Arvydas Karenga faktisk sjå at laksen har det bra. Her blir dei to operatørane fôra med ein konstant videostraum frå kamera på ulike punkt i prosessen, og rutinerte auge sveipar metodisk frå skjerm til skjerm.

– Denne viser bilete frå eine kjøletanken for levande fisk, og her ser me at laksen står roleg i vatnet, utan å visa teikn til fluktåtferd eller unormale gjellerørsler. Åtferda viser at laksen trivest godt og ikkje stressar, forklarer Nylund og Karenga.

I kontrollrommet har duoen mykje å passa på. Levande fisk skal ha passe temperatur og pH-verdi i vatnet døgeret rundt, og under avliving må flyten gjennom anlegget vera akkurat passe stor i alle ledd. Slakteriet må få nok fisk, men ikkje for mykje fisk om gongen.

Temperatur, pH-verdi og åtferda til fisken er berre nokre av parametrane som blir overvaka frå kontrollrommet.

– Sjølv om flyten er viktig, har fiskevelferda høgast prioritet. Me ønskjer ganske enkelt at laksen skal ha det best mogleg på si siste reis – både ut frå eit etisk perspektiv og av omsyn til kvaliteten på råstoffet, seier Karenga og Nylund.

For sistnemnde er det ekstra viktig at laksen har det bra. Ho er dyreven på sin hals, og har tidlegare vore aktiv dyrevernar i mange år gjennom engasjement i ulike dyrevernorganisasjonar.

– Det er kanskje eit lite paradoks at eg no sit her og overvakar avlivinga av tusentals laks. Men når eg ser kor bra fisken har det heilt til det siste, så opplever eg ikkje dette som så veldig motsetningsfullt eller at eg går på akkord med haldningane mine. Eg tenker heller at det berre er positivt at eg kan ta med meg innstillinga mi til dyrevelferd inn i jobben, og bruka ho til beste for fisken, smiler Nylund.

Brukar 36 tonn mindre is – kvar dag

Live Cold Fish-anlegget har ikkje berre positive effektar på fiskevelferda og kvaliteten på råstoffet, det bidrar også til auka berekraft på andre område.

– Live Cold Fish-anlegget er med på å gi oss ein unik kvalitet som ingen andre har, poengterer seniorforskar Svein Olav Fjæra (t.v) og fabrikksjef Geir Ivar Ådnanes.

– Med den nye utblødingstanken tar me temperaturen på fisken endå lengre ned før han går til slakteri, foredling og pakking. Kulden i fiskekjøtet gjer at me har kunna redusera mengda is som me brukar i fiskekassane med heile tre kilo per kasse. Det utgjer nesten tre tonn mindre is per trailer, og frå Øklandsvågen går det i snitt ut 12-14 trailerar med kvalitetsprodukt kvar einaste dag, forklarer Geir Ivar Ådnanes og Jihad Salih.

Mindre vekt på trailerar og flytransportar gir miljøeffekt i form av spart CO2. I tillegg sparer Bremnes Seashore mykje energi og ferskvatn i produksjonen av is til fiskekassane.

– Me ser potensial for å redusera isforbruket ytterlegare, så lenge kjølekjeda vår er god nok, supplerer seniorforskar Fjæra. 

For å redusera energiforbruket i Live Cold Fish-anlegget ytterlegare, blir kulden i fisketankane vunnen att.

– Me jobbar også med eit prosjekt for å gjenvinna varmeenergi frå kjølemaskineriet, slik at me kan nytta varmen til oppvarming av vaskevatnet me brukar i reingjeringa av anlegget, forklarer Ådnanes. 

Tok spranget frå logistikk til opptak

I berekraftstrategien til Bremnes Seashore blir det også lagt vekt på at selskapet skal ha omtanke for menneske og samfunn, mellom anna gjennom å legga til rette arbeidsplassar som gir tilsette rom for å utvikla seg. Leiar for opptaksavdelinga, Jihad Salih, er ein av dei som har nytta seg av denne moglegheita.

– Etter sju år i logistikken, byrja eg her i september i fjor. Det har vore ein stor og veldig spennande overgang. Før jobba eg med fisk i kassar, medan no jobbar eg med levande fisk – og må passa på dei som mine eigne barn, smiler Salih, som er utdanna elektronikkingeniør.

I tillegg til å planlegga og koordinera produksjonen, jobbar han også med å vidareutvikla anlegget. 

– Eg ser mellom anna på korleis me kan utvikla prosedyrane våre, optimalisera maskinane og systema våre, og korleis me kan læra opp folka våre – slik at me i framtida kan prestera endå betre enn me gjer i dag, seier Salih.