Ifølgje ei undersøking gjort av SINTEF i 2018, bidreg ein arbeidsplass innan havbruk med tre arbeidsplassar i tilknytte næringar. Med utgangspunkt i Bremnes Seashore, kan me altså seia at me la grunnlaget for 1 245 arbeidsplassar i andre næringar i 2019.
Som ein stor og viktig arbeidsgivar, som dessutan drar nytte av naturressursar i ei rekke lokalmiljø, kjenner me eit ekstra ansvar for å bidra i samfunnet rundt oss. Dette er nedfelt i berekraftstrategien vår, der eitt av delmåla er at me skal styrka posisjonen vår som aktiv samfunnsbyggar. Ein av måtane me bidreg til berekraftig samfunnsbygging, er å handla mest mogleg varer og tenester lokalt i fylka Vestland og Rogaland – der me har hovudaktivitetane våre.
Eit anna viktig verktøy me nyttar som samfunnsbyggar, er sponsormidlane me gir til gode tiltak i lokalmiljøa rundt oss. Desse midlane bidreg til å skapa og oppretthalda levande og attraktive lokalsamfunn som folk ønskjer å bu og leva i. I 2019 delte me ut meir enn 2,1 millionar kroner i sponsorstøtte til ulike tiltak. Av desse midlane gjekk om lag 900 000 kroner til lag og organisasjonar, og 600 000 kroner til den nye brannbåten i Bømlo kommune, eit viktig beredskapsfartøy som kan yta hjelp til både innbyggarane i øyriket og vår eiga verksemd skulle det oppstå brann eller ulukker på og ved sjøen.
Av dei mange laga og organisasjonane som fekk støtte i 2019, ønskjer me å trekka fram to i denne årsmeldinga.
Den eine er Solgry ungdoms- og misjonssenter i Sveio. Dei driv med leirdrift for barn og unge, og hadde i 2018 besøk av over 1 000 gjester fordelt på 20 helgar. På leirplassen har dei blant anna eit sett med minigolfbanar, som dei ønskte å fornya i 2019. Bremnes Seashore gav støtte, då Solgry er ein viktig sosial møteplass for mange barn og unge frå Sunnhordland og Haugalandet.
Jondal Idrettslag var laget som fekk det største enkeltbidraget frå Bremnes Seashore i 2019. Idrettslaget held på å byggja ny fleirbrukshall som skal stimulera til auka aktivitet og betre helse, både for medlemmene i idrettslaget – men og for resten av innbyggarane i Jondal. Eit trenings- og styrkerom som skal kunna nyttast av alle i bygda utgjer ein viktig del av bygget, og idrettslaget søkte Bremnes Seashore om midlar til å fylla lokalet med topp moderne treningsutstyr. Då slikt utstyr er dyrt, og me synest at bygging av ein fleirbrukshall som er open for alle i Jondal er eit veldig bra tiltak, innvilga me 50 000 kroner i støtte til hallen.
Aktiviteten til konsernet gir store ringverknader i form av direkte og indirekte verdiskaping i samfunnet elles.
I kjølvatnet av suksess!
Dette svarar til:
I 2019 var den totale verdien på ringverknadene me skapte heile 498 791 000 kroner.
Konsernet kjøpte i 2019 varer og tenester for 2 232 800 000 kroner. Heile 1,7 milliardar av den summen var lokale innkjøp gjort i Rogaland og Vestland fylke.
Me delte i fjor ut 2 114 496 kroner i sponsorstøtte til ulike tiltak, dette er meir enn ei dobling i høve til 2018.