Rigga for framtida

2019 var eit spennande år, der me både produserte meir fisk enn nokon gong tidlegare og leverte på landsida med god utvikling av merkevarene våre og rekordsal av SALMA og Bömlofilet.

Mykje går bra i norsk oppdrett, med høge lakseprisar og god inntening. Samtidig opplever me at produksjonen i Noreg ikkje aukar i vesentleg grad, grunna dei biologiske utfordringane me møter i sjøen – først og fremst i form av lakselusa. Biologien har gjort at produksjonskostnadene til norske oppdrettarar har dobla seg i seinare år. Kombinert med at me ikkje får produsera meir, ulike pålegg frå styresmaktene og utsiktene til ny skattlegging av oppdrettsnæringa, er konkurranseevna til norsk oppdrett svekt dei siste åra.

Når lakseprisen og marginane er gode, samtidig som produksjonskostnadene i sjø er høge, byrjar det å bli lønsamt å produsera på land. Ikkje minst om du legg denne produksjonen tett på dei store marknadene ute i verda. Eg ventar derfor at landbasert oppdrett vil bli ein stor konkurrent til norsk laks på fem til ti års sikt, og me ser allereie at det blir bygd opp kapasitetar rundt om i verda som vil byrja å levera fisk om nokre år. I USA blir det til dømes bygd eit landanlegg som kan få kapasitet til å produsera ein sjettedel av dagens norske lakseproduksjon.

Me er godt rusta for ein slik ny situasjon. Me har til dømes førebudd oss gjennom å auka storleiken på smolten vår, slik at me får vesentleg kortare produksjon i sjø og blir meir konkurransedyktige på kostnader. Ferdigstillinga av settefiskanlegga i Trovåg og Tytlandsvik i 2019 var svært viktige bidrag til dette. Om me i framtida skal produsera endå større smolt for å korta tida i sjø endå meir, er noko me må vurdera i åra som kjem.

Konsernet går også litt mot straumen ved å satsa på foredling. Det kan me gjera fordi me har ein unik kvalitet på råstoffet vårt, noko som gjer oss i stand til å levera produkt og merkevarer som er ettertrakta og gir betre betalt enn heil laks. Desse merkevarene skal me utvikla og byggja vidare på, for dei vil vera ein styrke for oss i møte med auka konkurranse.

Ferdigstillinga av opptaksanlegget i Kvernavikjo i 2019 gir oss eit viktig fundament for produktkvaliteten. Det same gjer satsinga vår på auka berekraft i heile konsernet. I det vidare arbeidet med å styrka merkevarene og konkurransekrafta vår, er det likevel kunnskapen og kulturen me har for å utvikla og produsera kvalitetsprodukt som er den viktigaste berebjelken vår.

Denne kulturen skal me i fellesskap dyrka vidare. Då er verdiane til konsernet – utvikling, truverd og arbeidsglede – viktige rettesnorer. Uansett kva me jobbar med i det daglege, gir verdiane oss eit felles fundament for å bidra til stadig nye løft der me drar i same retning.

Me skal ikkje så mange tiåra tilbake før ungdomar på Bømlo blei oppfordra til å ta utdanning, elles ville dei enda opp med jobb i Kvernavikjo. No er det motsett. I dag seier folk: «Du må ta deg utdanning, slik at du kan få deg jobb i Kvernavikjo» – og me får veldig mange gode søkjarar til ledige stillingar. For meg er dette ei utruleg gledeleg utvikling, som seier mykje om kompetansen, drivkrafta og arbeidsmiljøet me har i konsernet.

Eg blir skikkeleg stolt av å sjå og tenka på kva me får til saman, og resultata me skaper kvar einaste dag. Så til kvar einaste dyktige medarbeidar som bidreg til verdiskapinga vår vil eg derfor seia: Hjartans takk for at nettopp du står på! Hugs at din innsats er viktig både for lønnsemda vår og posisjonen og det gode omdømet me har i marknaden og samfunnet elles. 

Olav Svendsen
konsernsjef, Bremnes Fryseri