«Betre samhandling – felles fokus».
Dette er kjernen i forretningsstrategien vår, og i desse fire orda ligg det at me i åra som kjem skal sikra langsiktig verdiskaping og lønsemd for Bremnes Seashore og kundane våre gjennom å samhandla endå betre på tvers i konsernet.
Me kunne trekt fram mange eksempel på korleis me allereie gjer dette i praksis. Men assistansen som avdeling Rogaland gav då avdeling Hordaland trong lusehjelp utpå seinsommaren 2019, tener som eit framifrå døme på mentaliteten og fellesskapstanken me ønskjer å sjå endå meir av.
For å skapa resultat i lag og lukkast som selskap, er det heilt nødvendig at me hjelper kvarandre når det trengst.
Trond Steinsvik regionsjef i avdeling Rogaland
– Me jobbar alle i same selskap
Då sommaren var på hell, opplevde oppdrettsanlegga våre i og rundt Bømlo eit ekstra sterkt lusepress. Med manko på folk, vende avdeling Hordaland seg til kollegaene i Rogaland med spørsmål om hjelp til avlusing. Svaret dei fekk var eit rungande ja. Rogalandsavdelinga omrokkerte kjapt mindre prekære oppdrag på heimebane, og mønstra folk som var villige til å dra nordover. Ein av dei var Øystein Jørgensen, arbeidsleiar på servicebåten «Alvhild».
– Me var til saman tre team som var oppe på avlusing på tre forskjellige anlegg rundt Bømlo. Kvart oppdrag varte tre-fire dagar, og teama våre var ei god blanding av servicepersonell og operatørar frå oppdrettsanlegg som anten låg brakk eller hadde ein roleg periode. Ein av karane var attpåtil ein lærling som var ute på sin aller første jobb. Det var skikkeleg tøft gjort av han, for avlusing kan vera hardt arbeid, påpeikar Jørgensen.
Strandbuen synest det er flott å kunna gi kollegaene i nabofylket ei hjelpande hand.
– Me er ikkje vanskelege å be, for uansett kor me har vårt daglege arbeid så jobbar me alle i same selskap. Lukkast avdeling Hordaland med sitt arbeid, så gagnar det oss som jobbar i Rogaland – og omvendt. Ved å gjera ein liten ekstrainnsats for dei i nord, blir det dessutan lettare for oss å få hjelp ein gong me har utfordringar og treng hjelp. Slik assistanse har me fått ved fleire høve, fortel arbeidsleiaren, som har Tau som si heimehamn og utgangspunkt for service- og vedlikehaldstokta med «Alvhild».
Kryssar gjerne fylkesgrensa igjen
Han vedgår at det òg ligg ørlite konkurranseinstinkt bak servicehjelpa til rogalendingane.
– Me likar jo å tru at me i Rogaland er best, så då ligg det jo litt prestisje i å reisa oppover og prestera såpass at me kanskje blir det skiftet som får best resultat, humrar arbeidsleiaren.
Sjølv har han hjelpt avdeling Hordaland ved fleire høve.
– Det er alltid kjekt å reisa til Bømlo. Det er fint både å få hjelpa til, treffa nye folk, sjå kva båtar og utstyr dei nyttar seg av, og ikkje minst å få nye opplevingar, synest Jørgensen – som gjerne hoppar i bilen og kryssar fylkesgrensa for nye oppdrag.
Regionsjef i avdeling Rogaland, Trond Steinsvik, rosar den sporty innstillinga til rogalendingane som deltok i avlusinga rundt Bømlo. Samstundes opplever han at denne typen innsats på tvers av avdelingane er ein heilt naturleg del av oppdrettsaktiviteten i Bremnes Seashore.
– For å skapa resultat i lag og lukkast som selskap, er det heilt nødvendig at me hjelper kvarandre når det trengst – uavhengig kva avdeling me høyrer til i. Å trø til for kvarandre er noko me sjølvsagt ønskjer, men faktisk også forventar – og det er viktig at hjelpa går begge vegar. Det opplever eg at ho gjer i dag, men me kan alltid bli endå betre på samhandling – i alle delar av konsernet, meiner regionsjefen.