Me jaktar utvikling og høgare kvalitet.
Me vågar å setja ny kurs når andre følger si faste rute.
Me skal vidare opp og fram!
Det er ikkje til å koma unna at 2020 blei eit høgst spesielt år. Både privat og profesjonelt skapte koronaen vanskar for mange.
Eg er derfor skikkeleg stolt over innsatsen til alle tilsette i konsernet, som stod på og sikra eit godt resultat i ei ekstra vanskeleg og annleis tid.
Dette viser endringsvilje og fokus på godt smittevern som me har all grunn til å vera stolte av. Det er iallfall eg! Hjartans takk for innsatsen!
Olav Svendsen • konsernsjef, Bremnes Fryseri

Året 2020
Våre viktigaste ressursar

Me vil òg takka alle vikarar, ekstrahjelper, innleigde og skuleungdommar som har jobba hos oss i løpet av året.
Takk for normaliteten
Veldig mykje har vore «mot normalt» i det samfunnet me har levd i sidan mars 2020. Eg ønsker derfor å takka for den formidable innsatsen alle tilsette har gjort for å sikra det normale i eit høgst unormalt år.
Einar Eide • administrerande direktør, Bremnes Seashore

Me er til stades i
11 kommunar

Bergen

Bjørnafjorden

Bømlo

Hjelmeland

Oslo

Sandnes

Stavanger

Strand

Sveio

Ullensvang

Vindafjord
Bremnes Fryseri AS
Morselskap i konsern, eigedom og aksjar
Happy Prawns
Produksjon av kongereker
Sævareid Fiskeanlegg AS
Produksjon av smolt
Tytlandsvik Aqua AS
Produksjon av post-smolt
Bremnes Shipping AS
Reiarlag
Myobiotec AS
Forsking og utvikling
Sjór AS
Sal og distribusjon av heilfisk og foredla laks
Styret i Bremnes Fryseri

Olav Svendsen
styremedlem/konsernsjef

Bjørnar Michaelsen-Svendsen
styremedlem

Nils Viga
styremedlem

Bjørn Willy Sæverud
styremedlem

Laila Knarvik
styremedlem

Jan Sverre Røsstad
styreleiar
Bremnes Fryseri AS
Øklandsvegen 90, 5430 Bremnes
Telefon: 53 42 82 00
Epost: bremnes@seashore.no
Org. nr. 933 852 873
Bremnes Fryseri er mor- og holdingselskapet i konsernet, og eig selskapa Bremnes Seashore, Salmon Brands, Sjór, Myobiotec og Bremnes Shipping. Desse tar seg av settefiskproduksjon, matfiskproduksjon, slakting, pakking, foredling, sal, logistikk, samt forskings- og utviklingsarbeid.
Bremnes Fryseri eig vidare 33 prosent av settefiskprodusenten Tytlandsvik Aqua, 17 prosent av settefiskprodusenten Sævareid Fiskeanlegg og 10 prosent av kongerekeprodusenten Happy Prawns.

Design og utforming: Zpirit • Foto: Zpirit, Vestland media, Veronika Stuksrud, Øyvind Sætre