Konsernet vårt har gjennom dei siste åra vakse mykje, både i talet på tilsette og arbeidsoppgåver. Me arbeider på ulike plassar, og har ulike arbeidsoppgåver og kvardagar. Dette gjer god intern kommunikasjon komplisert, men desto viktigare.
For å betra internkommunikasjonen investerte konsernet i kommunikasjonsverktøyet «Workplace by Facebook». Dette er ein nettbasert plattform, ikkje ulik Facebook, som knyter alle tilsette saman.
– Her kan me dela augneblinkar frå arbeidskvardagen vår, planlegga arbeidet, få innsikt i andre sin arbeidskvardag og mykje meir. Me valde Workplace mellom anna fordi grensesnittet er lett å kjenna igjen for dei mange som brukar Facebook på fritida, seier samfunnskontakt Bjørnar Michaelsen-Svendsen.
Me hadde eit mål om at 80 prosent av våre tilsette skulle aktivera profilane sine i løpet av den første månaden. Før månaden var omme, var 87 prosent av dei tilsette blitt brukarar.
Me ser at rundt 70 prosent av dei tilsette er innom Workplace minst ein gong i veka. Det er veldig kjekt å sjå at plattforma blir godt brukt, og under kan du sjå nokre av innlegga som blei lagde ut på Workplace i 2020.