12. mars 2020 stengde den hurtigveksande koronapandemien Noreg ned, og statsminister Erna Solberg varsla om dei mest inngripande tiltaka i Noreg i fredstid.
– Den første tida var kaotisk. Redsla for smitte var stor, me visste lite, og det kom stadig nye reglar frå styresmaktene som me måtte følgja opp – i tett dialog med kommunelegen. Samstundes var marknadssituasjonen for produkta våre svært usikker. Sjølv om me hadde gode generelle beredskapsplanar som danna utgangspunkt for smittevernarbeidet i den første fasen, så var dette ein ny og uventa situasjon for oss alle, minnest Bremnes Seashore-direktør Einar Eide.
Innførte tiltak
Verksemda, som sysselset flest i konsernet, innførte kjapt ei rekke tiltak.
– For å sikra smittevernet i produksjonen, måtte me dela dei tilsette opp i arbeidslag, eller kohortar om du vil. I den første perioden førte situasjonen til både endra arbeidstidsordningar og permitteringar. Fleire måtte også gjera andre oppgåver enn dei pleier, endra på arbeidsstad eller -rutinar, og mange blei sende på heimekontor i lange periodar. Det var ikkje med lett hjarta me sette i verk så tøffe tiltak, seier Eide.
I Øklandsvågen blei kantina stengd, og felles smørelunsj blei avvikla på sjølokalitetane. Det tok heller ikkje lang tid før munnbind blei eit krav for alle i Kvednavikjo.
– For å redusera smitterisikoen, innførte me òg forbod mot besøk på sjølokalitetar og landanlegga våre. I sum var det mange endringar i arbeidskvardagen og restriksjonar over kort tid, som dei tilsette takla på ein svært god måte, seier Eide.
Utfordrande marknad
Etter som pandemien breidde om seg i stadig større delar av verda, opplevde konsernet også utfordringar på marknadssida. Stengde grenser gjorde distribusjon med både lastebil og fly utfordrande, og spesielt vanskeleg blei det å få laksen fram til oversjøiske marknader. Stenging av viktige marknadssegment, særleg hotell-, restaurant- og cateringbransjen, resulterte etter kvart i redusert etterspørsel og lågare lakseprisar. Auka sal til daglegvaresegmentet kompenserte gjennom året til viss grad, og både SALMA og BÖMLO har vore god butikk for konsernet i 2020.
– Pandemien utfordra oss på mange område i fjor, men baud òg på moglegheiter som me greidde å utnytta. At me kom gjennom 2020 utan stans i produksjonen, seier mykje om omstillingsevna vår. I sum vil eg seia at alle i konsernet gjorde ein formidabel jobb med å tilpassa seg den nye arbeidskvardagen, slik at me saman kom greitt ut av pandemiåret 2020, oppsummerer Eide.