Verdas første heilelektriske oppdrettsanlegg

– Eit forbilde for næringa

Då statsminister Erna Solberg opna verdas første heilelektriske oppdrettsanlegg på Loddetå i juni 2020, var det godt nytt for alle som er opptekne av klima og miljø.
Med straum frå land har Bremnes Seashore kutta all bruk av fossilt drivstoff i den daglege drifta av oppdrettsanlegget på Loddetå i Sveio.

Onsdag 24. juni sat ordførar Linn Therese Erve, konsernsjef Olav Svendsen og mange journalistar saman med tilsette i Bremnes Seashore ved landbasen på Tittelsnes i Sveio kommune. Sjølv med koronarestriksjonar skulle statsministeren opna verdas første heilelektriske oppdrettsanlegg – direkte via video frå Statsministerens kontor i Oslo.

– Bellona, ABB og Bremnes Seashore har gjennom samarbeidet på Loddetå laga eit forbilde for resten av næringa, uttalte statsministeren. Ho la til at ho håpa dette berre var starten på ei heilelektrifisering av oppdrettsnæringa langs heile kysten.

Play Video

Statsminister Erna Solberg opna verdas første heilelektriske oppdrettsanlegg via videoverføring frå Statsministerens kontor i Oslo.

Samarbeidsprosjekt

Oppgraderinga betyr at Bremnes Seashore kuttar all bruk av fossilt drivstoff i den daglege drifta av anlegget. Når det er mogleg å drive heilelektrisk på Loddetå, er det mogleg å gjere det på dei aller fleste oppdrettsanlegg langs kysten. 

Klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn delte statsministerens ønske om ei ytterlegare elektrifisering av havbruksnæringa. 

– Oppdrettsnæringa skapar enorme verdiar for Noreg, men ho har òg eit fotavtrykk og klimagassutslepp. Me treng meir innovasjon for å få havbruksnæringa over i det grøne skiftet, og det er kjempeviktig at me får elektrifisert det me kan, uttalte Rotevatn. 

Elektrifiseringa er resultatet av eit samarbeid mellom Bremnes Seashore, ABB og Miljøstiftelsen Bellona. Våren 2018 presenterte ABB og Bellona saman rapporten «Laks på landstrøm», som viser at det er mogleg å redusere klimagassutslepp frå oppdrettsnæringa betydeleg ved å satse på heilelektriske anlegg. No er testfasen over, og onsdag 24. juni stod statsministeren altså for den offisielle opninga av pilotanlegget. 

Straum til merdkanten

Medan fleire oppdrettarar har sørgt for landstraum fram til fôrflåtane, er Bremnes først med å sørgje for landstraum heilt ut på merdkanten – slik at også arbeidsoperasjonar ute på merdane kan drivast elektrisk. Bremnes Seashore har blant anna investert i ein hybridelektrisk arbeidskatamaran og ein elektrisk transportbåt som no er i drift på Loddetå. 

– Me som jobbar i Bremnes Seashore er utruleg stolte over å vere først i verda med eit heilelektrisk lakseoppdrettsanlegg. Dette har vore mogleg takka vere godt samarbeid med ABB, Bellona og andre partnarar. Med landstraum heilt ut på merdkanten blir det mogleg å utføre alle kraftkrevjande operasjonar med fornybar energi. Heilelektriske oppdrettslokalitetar er gode nyheiter for dei tilsette, laksen, naboane og for samfunnet elles, poengterer Simon Nesse Økland, utviklingssjef i Bremnes Seashore.  

Viser veg for næringa

Bellona meiner prosjektet viser veg for heile næringa. 

– Næringa må kutte sine klimagassutslepp, og utslepp i produksjonsfasen er ein del av dette. Den lokale miljøvinsten er også svært viktig. Elektrifisering aukar fiskevelferda og reduserer faren for dieselutslepp, og samtidig forsvinn all støyen frå dieselaggregata. Det er bra for arbeidsmiljøet og lokalmiljøet, seier fagsjef Christian Eriksen i Bellona.  

Play Video

Verdas første heilelektriske oppdrettsanlegg

Løyste fleire utfordringar 

Fleire utfordringar måtte løysast for å kunne drifte oppdrettsanlegget på Loddetå med landstraum. Saman med ABB har Bremnes Seashore funne fram til løysingar som sørgjer for tilstrekkeleg kraftforsyning heile vegen frå land og ut til merdane. Utstyret som sørgjer for krafttilførsel til dei ulike operasjonane må tole det fuktige og tidvis barske klimaet ute på eit oppdrettsanlegg. 

– Bremnes Seashore viser veg for resten av næringa, og me forventar at mange andre også vil gå i denne retninga dei komande åra. ABB har lang erfaring med elektrifisering, og i dette prosjektet har det vore eit poeng å gjennomføre elektrifiseringa utelukkande ved hjelp av standardkomponentar. Ved hjelp av høgspent er det også mogleg å levere meir kraft, òg til anlegg som ligg langt frå land, seier Lars Andersen, salsspesialist for akvakultur i ABB.