Klimarekneskapen 2020

Første måling av fotavtrykket vårt

Med klimarekneskapen for 2020 tok me første steg på vegen mot full oversikt over klimautsleppa våre.

Konsernet har gjennom berekraftsarbeidet forplikta seg til å utarbeida eit klimarekneskap som gir oversikt over klimagassutsleppa frå ulike utsleppskjelder. Som konsern vil ei slik oversikt hjelpe oss til å identifisera våre største utsleppskjelder, slik at me kan setta inn tiltak for å redusera utsleppa frå desse kjeldene. 

Følger GHG-protokollen 

2020 er første året me lagar eit slikt klimarekneskap, og rapporten er utarbeidd i tråd med GHG-protokollen sine standardar. Denne protokollen vart etablert av World Resource Institute og World Business Council for Sustainable Development for over 20 år sidan, og er eit partnarskap mellom verksemder, interesseorganisasjonar, styresmakter og andre. 

Klimarekneskapen deler utsleppa til ei verksemd i tre kategoriar: Scope 1, 2 og 3. Scope 1-utslepp omfattar dei direkte utsleppa til verksemda, til dømes dieselforbruk. Scope 2 inneheld dei indirekte utsleppa gjennom elektrisitetsforbruk, medan Scope 3 omfattar resten av dei indirekte utsleppa til verksemda – for eksempel frå produksjon av laksefôr. Det er i Scope 3 ein finn størstedelen av klimautsleppa til ei verksemd, sidan denne kategorien inkluderer produksjonen av råvarer og andre innsatsfaktorar som verksemda brukar i drifta si. 

0
tonn CO2

Scope 1

0
tonn CO2

Scope 2

0
tonn CO2

Toltalt

Komplekst arbeid 

Sidan 2020-rekneskapen er vår aller første, er berre Scope 1 og 2 inkludert – ettersom desse er enklast å få oversikt over. For å kunna gi interessentane våre full oversikt over dei samla klimagassutsleppa våre, har me som mål å etter kvart også inkludera Scope 3-utsleppa i klimarekneskapen. 

Me forventar at det rapporterte klimagassutsleppet vårt vil stiga dei neste åra. Ikkje nødvendigvis fordi våre faktiske utslepp aukar, men fordi me vil få betre oversikt, inkludera fleire utsleppskjelder i talmaterialet, og få meir presise utrekningar. Ein klimarekneskap er eit komplekst arbeid, som vil gå over fleire år for å få rekneskapen presis nok til etter kvart å brukast som avgjerdsgrunnlag.