Berekraftig matproduksjon

Grønt lys gav vekst

Me kjøpte auka produksjonskapasitet etter grønt trafikklys i Ryfylke.

Styresmaktene har delt kysten i 13 produksjonsområde, som annakvart år får tildelt ein trafikklysfarge etter oppdrettslaksen sin påverknad på vill laksefisk. I 2020 fekk to av områda for første gang reduksjon i produksjonskapasitet. I våre to driftsområde blei det gitt gult lys for området frå Karmøy til Sotra, medan Ryfylke fekk grønt lys.

Grønt lys etter godt samarbeid

Det «grøne lyset» i Ryfylke gjorde at Fiskeridirektoratet i august auksjonerte ein auke i biomassen. Me kjøpte 527 tonn, noko som utgjer 25 prosent av biomassen som var tilgjengeleg for kjøp i området. Sjølv om prisen på 100 millionar kroner var svært høg, så nådde auksjonen lenger nord langs kysten betydeleg høgare prisar. Frå før hadde me kjøpt 64 tonn auka produksjonskapasitet, noko som gjer at Bremnes Seashore samla kan auka produksjonen med 1 000 tonn i året. Dette er eit viktig bidrag til våre ambisjonar om vekst og utvikling, både av produksjonen i sjø og foredlingskapasiteten i Øklandsvågen.

– Me driv berekraftig matproduksjon både i Rogaland og Vestland, noko som visar igjen i dei gule og grøne trafikklysa.

Vidar Helvik • produksjonssjef sjø

– Me driv berekraftig matproduksjon både i Rogaland og Vestland, noko som viser igjen i dei gule og grøne trafikklysa. Eg er glad for at me no kan veksa i Rogaland og produsera meir høgkvalitetslaks. Ein grunn til at me oppnådde grønt trafikklys er det gode samarbeidet mellom oppdrettarane i regionen, seier Vidar Helvik, produksjonssjef sjø.

Millionar til kommunekassane

Ikkje berre får me lov til å veksa, gjennom havbruksfondet bidrar me òg med sårt tiltrengde midlar til kommunekassane. Stortinget har bestemt at kommunane skal få éin milliard kroner frå havbruksfondet kvart år i 2020 og 2021, finansiert gjennom den veksten me no har betalt for. Dette betyr betre kommunale tenester i lokalsamfunn langs heile kysten.

I oktober betalte Fiskeridirektoratet ut pengane frå havbruksfondet for 2020. Bremnes Seashore sin aktivitet førte til at kommunane me har drift i fekk heile 40,5 millionar kroner frå fondet inn på kommunekontoane.

Tildelingar som følgje av Bremnes Seashore sine oppdrettsaktivitetar i kommunane i 2020:

  • Bømlo 12,8 mill. kroner 
  • Sandnes 1,3 mill. kroner 
  • Stavanger 12,3 mill. kroner 
  • Strand 3,4 mill. kroner 
  • Sveio 4 mill. kroner 
  • Vindafjord 1,3 mill. kroner 
  • Ullensvang 5,3 mill. kroner

Auka produksjonsløyve gjer at me treng auka produksjonskapasitet ved lokalitetane, og i 2020 godkjende Rogaland fylkeskommune ein auke i maksimal tillaten biomasse for Hesbygrunnen ved Finnøy i Stavanger kommune. Dette gjer at me no kan ha ein ståande biomasse på inntil 4 680 tonn i merdane ved lokaliteten. 

Nord for Ombo ligg lokalitetane Låva og Jørstadskjera, og me fekk løyve til å leggja ut fleire merdar ved begge lokalitetane i 2020. Låva får ei dobling til tolv merdar, kvar med omkrins på 160 meter. Ved Jørstadskjera kan me setja ut fire nye merdar, til totalt tolv merdar. Dette legg til rette for auka produksjon og betre biologisk produksjon i sjø. Begge lokalitetane har med dei nye konfigurasjonane avstand mellom merd-rekkene, noko som gjer at me vil påverka sjøbotnen i mindre grad.