Med unntak av ein velfortent ferie, var Mohammed på jobb i slakteriet heile koronaåret 2020.
– Det har gått veldig greitt. Litt rart å måtta bruka munnbind heile tida, og ikkje å kunna handhelsa på folk lenger, men reglane er til for å beskytta oss mot smitte – så eg kan ikkje klaga, smiler 33-åringen som jobbar med pakking, lagerarbeid og lasting av laks på dei mange trailerane som skal frakta fisken ut i verda.
Trygg på jobb
Han har kjent seg trygg for smitte på arbeidsplassen.
– Dei einaste gongene eg er litt bekymra, er når eg overleverer papira på lasta til trailersjåførane. Men eg er forsiktig, så det går greitt, fortel syraren.
Med alle avgrensingane på det sosiale livet, har det vore fint å ha jobben å gå til.
– Eg bur åleine, og etter jobb har det blitt mykje heimesitting og eigentrening. Det har vore OK, men eg har sjølvsagt sakna å kunna gå ut og vera meir saman med vener – slik me gjorde før koronaen, vedgår han.
Draumen min er å komma tilbake til eit vanleg liv. Livet er meir enn berre jobb og å sitta heime.
Mohammed Saleh Aalabed-Almohammed • logistikkoperatør
Hjarteleg gjensyn i Tyrkia
Sakn og bekymring for familien prega også 2020 for Mohammed, som har mora og to brør i Tyrkia. Grunna vanskar med å få visum, og etter kvart også reiserestriksjonar, har besøk der vore vanskeleg.
– I fjor fekk eg endeleg visum til Tyrkia, og drog ned i september. Då var det seks år sidan eg hadde sett familien sist. Det blei eit hjarteleg gjensyn, og det var fint å sjå at dei hadde det bra. Ein stor del av ferien gjekk med til reisa og karantenetida tilbake i Noreg, men det var det verdt. Den turen gjorde verkeleg godt, og hjelpte mykje på humøret, minnest 33-åringen, som gjerne skulle reist oftare.
No ser Mohammed fram til at koronapandemien skal sleppa taket.
– Draumen min er å komma tilbake til eit vanleg liv. Livet er meir enn berre jobb og å sitta heime. Alle ønsker jo å gå ut og kosa seg, treffa fleire folk, og å kunna reisa meir igjen, smiler han.