Folk

Vi oppnår resultat gjennom dyktige, stolte og motiverte tilsette. I Bremnes Fryseri legg vi derfor vekt på kompetanseutvikling, medarbeidartrivsel, mangfald og HMS.
Førebuing av av nett som skal halde fuglar unna laksen i ei av merdane våre. 

Gjennom etisk forretningsførsel og god dialog med alle rundt oss, skal vi bidra til utvikling både for selskapet og samfunnet. 

Etisk framferd 

Konsernet skal leve opp til forventingane vi har sett til oss sjølv om etisk forretningsførsel, og alltid etterleve lover, standardar, sertifiseringsordningar og interne prosedyrar. Forventingar til ansvaret for menneskerettar, også i leverandørleddet, er styrkte dei siste åra, og openheitslova trer i kraft i 2022. Desse krava skal vi leve opp til. 

Vi har nulltoleranse for korrupsjon, økonomisk kriminalitet og brot på menneskerettane. Vi starta arbeidet med å oppdatere vårt system for etterleving (compliance) og våre etiske retningslinjer i 2021. 

Konsernet har prosedyrar for varsling og oppfordrar om å varsle ved mistanke om kritikkverdige forhold. 

Vi styrker kompetansen 

Vi utviklar oss som konsern når vi utviklar kompetansen til dei tilsette. Bremnes Fryseri tilbyr derfor opplæringsaktivitetar på alle nivå i verksemda. 

For tida deltek 33 motiverte tilsette i tre ulike grupper av eit leiartreningsprogram på tvers av selskapa i konsernet. Målet er å bygge ein felles kultur i konsernet og å utvikle leiarar som bidrar til ein selskapskultur i tråd med våre verdiar. Samtidig gir programmet moglegheiter for personleg utvikling og legg grunnlaget for intern rekruttering til leiarstillingar. 

Bremnes Seashore samarbeider med Høgskulen på Vestlandet, Ryfylke IKS og andre havbruksaktørar om etter- og vidareutdanningstilbodet «Blå åker», som skal gi eit kompetanseløft for havbruksnæringa. Fem tilsette frå Bremnes Seashore deltok i tilbodet i 2021. 

33 i leiartrening, 5 i utdanning, 17 lærlingar og 3 praksis-kandidatar

Bremnes Fryseri tilbyr opplæring i alle nivå og utviklar kompetansen.

Ida Bjørheim Hodneland • lærling.

Me hadde 17 lærlingar og tre praksiskandidatar i konsernet i 2021. I løpet av året avslutta fem av dei læretida si, og tre lærlingar fekk fast arbeid i konsernet. Samtidig kom tre nye lærlingar til oss, to innan akvakultur og ein lærling i automasjon. 

Bremnes Seashore har i fleire år teke i mot elevar frå Strand vidaregåande skule til våre lokalitetar i Høgsfjorden. Vi vann anbodet frå Vestland fylkeskommune om å vere samarbeidspart for den nye naturbruks- og havbrukslina ved Bømlo vidaregåande skule frå hausten 2022. Praktisk opplæring i akvakultur skal gjennomførast ved vår lokalitet Holevik i Stokksundet, og vi skal i tillegg gi tilgang til kompetanse frå heile verdikjeda i konsernet. Etter tildelinga har vi samarbeidd med tilsette frå skulen om å planlegge eit opplæringstilbod i verdsklasse, og forberedt søknad om opplæringskonsesjon til Fiskeridirektoratet. 

Play Video

Lærlingane tek ansvar

Helse, miljø og sikkerheit 

Det er viktig for Bremnes Fryseri å ha ein levande og innarbeidd HMS-kultur. Konsernet har to hovudverneombod og 13 verneombod fordelt i organisasjonen. Arbeidsmiljøutvalet har halde fire møte i 2021. 

Tidlegare har selskapa i konsernet gjort eigne medarbeidarundersøkingar. For første gong gjennomførte vi felles medarbeidarundersøking for heile konsernet i 2021, som kartlegg psykologiske, sosiale og organisasjonsmessige forhold i arbeidslivet. Resultata frå undersøkinga var jamt over gode, og betre enn normsnittet på alle områda. Svarprosenten var derimot noko låg. HR-avdelinga og leiarane følger opp undersøkinga i avdelingane. 

Sjukefråvær ned frå 6,8% til 5,8%

Trygt Heim-omgrepet står sterkt i organisasjonen, og har som mål å understreke fokuset på arbeidstryggleik for dei tilsette. Alle skal jobbe så sikkert at dei sjølv og kollegaene kjem trygt heim kvar dag. Vi har stor tru på at gode haldningar som speglar seg i åtferd og gode val er nøkkelen til førebygging av alvorlege skadar, og har som mål å skape ein kultur der dei tilsette tek ansvar for både eiga og andre si sikkerheit. For å styrke dette haldningsarbeidet er oppfølging av registrerte sikkerheitsobservasjonar, meir erfaringsutveksling og tett samarbeid med verneomboda ein viktig del av HMS-arbeidet. 

Målet til Bremnes Fryseri er null arbeidsrelaterte skadar. Innmeldte sikkerheitsobservasjonar er sentrale for å oppnå dette. Vi arbeider for å nå to observasjonar per tilsett årleg. I 2021 fekk vi meldt inn 709 sikkerheitsobservasjonar – noko som utgjer 1,5 per tilsett. Dette er ein auke på 58 prosent frå 2020. H-verdien, ein fråværsskadefaktor, enda på 13,7 – ned frå 18,5 i 2020. 

Konsernet hadde i 2021 eit sjukefråvær på 5,8 prosent, ein nedgang frå 6,8 prosent i 2020. 

Likestilling og mangfald 

Havbruksbransjen har lenge vore prega av å vere ei mannsdominert næring, noko som kjønnsbalansen i bedrifta også speglar, der 63,4 % av dei tilsette er menn. Det er ikkje så store forskjellar på fordeling av midlertidig tilsette og deltidstilsette, det er ei overvekt av menn både blant dei midlertidig tilsette og dei deltidstilsette. Når det kjem til uttak av foreldrepermisjon har menn ei vesentleg lågare gjennomsnittleg lengde på uttak av foreldrepermisjon enn kvinner. 

63,4% menn
36,6% kvinner

Sjølv om mange av arbeidsplassane innanfor oppdrettsnæringa og fiskeindustrien er prega av å vere mannsdominerte yrker har fleire kvinner dei siste åra har søkt seg til næringa. Dette ser me også igjen i kjønnsbalansen i bedrifta, der talet på kvinner innanfor fleire område har auka dei seinare åra. 

Vi har ein profesjonell rekrutteringsprosess der vi bruker anerkjente rekrutteringsverktøy og har rutinar som skal bidra til likestilling mellom kvinner og menn og hindre anna diskriminering. For å jamne ut kjønnsbalansen og hindre diskriminering jobbar vi kontinuerleg for å få eit likestilt, inkluderande og mangfaldig arbeidsmiljø. Vi samarbeider blant anna med NAV gjennom «Vi inkluderer» for å tilsette personar med nedsett funksjonsevne eller som elles ville hatt utfordringar med å komme i arbeid. 

Bremnes Seashore jobbar aktivt for å skape sunne, trygge og gode arbeidsforhold for alle våre medarbeidarar, og vi ønskjer å tilby faste heiltidsstillingar for våre tilsette. Fiskeindustrien opplever imidlertid varierande tilgang på råvarer gjennom året. Ein konsekvens av dette er periodiske permitteringar og fleire deltids- og midlertidige stillingar. Bremnes Seashore har derfor arbeidd for ei ordning med sesongtilpassa maksimal tillaten biomasse, noko som vil jamne ut tilgangen på råvarer gjennom året. I 2021 innførte vi også 6-timarsdag ved foredlingsavdelinga vår, dette for å klargjere oss for ny fabrikk, redusere belastninga på tilsette og for å sikre eit stabilt, høgt volum gjennom heile året. 

Kvinner har over dobbelt så lang foreldrepermisjon som menn. Vi oppfordrar både menn og kvinner til å ta ut foreldrepermisjon på lik linje. Bremnes Seashore tilbyr full lønn under foreldrepermisjonen til fast tilsette, under føresetnad at det føreligg rett til foreldrepengar i samsvar med folketrygdlova sine føresegner. 

Bremnes Fryseri har tilsette frå mange kulturar og med ein mangfalding erfaringsbakgrunn. Vi har over 20 nasjonalitetar representerte i drifta vår, og hausten 2021 fekk Bremnes Seashore mangfaldsprisen for Vestland fylke frå Inkluderings- og mangfaldsdirektoratet. Juryen gav eit rosande bilete i grunngjevinga: 

Over 20 nasjonalitetar i drifta

«… Nesten halvparten av de ansatte har innvandrerbakgrunn, og en stor andel av disse er på mellomledernivå. I lederutviklingen vektlegges mangfoldsledelse, og bedriftskulturen avspeiler dette tydelig. Det er etablert et løpende samarbeid med NAV og Bømlo voksenopplæring, der ansatte får mulighet til å ta både norskopplæring og fagbrev. … Det tilrettelegges også for intern mobilitet for ansatte som er motiverte for det. Virksomheten preges ellers av god kommunikasjon og godt samhold på tvers av avdelingene, og de ansatte inkluderes gjennom ulike sosiale aktiviteter. Det er viktig for virksomheten å beholde medarbeiderne, og bidrar derfor også aktivt med integrering av disse i lokalsamfunnet.»

Juryen i Inkluderings- og mangfaldsdirektoratet

Vi snakkar med naboane 

Bremnes Fryseri legg vekt på ein positiv og open dialog med naboar og andre interessentar i vår drift og produksjon. Vi er klar over at det er ulike meiningar om fiskeoppdrett, men vi har ikkje registrert naboklager i 2021. I forbindelse med søknader om endring av anleggskonfigurasjon for våre sjøanlegg, har Bremnes Seashore snakka med naboar til anlegga, Fiskarlaget og offentlege instansar. Vi endra utforminga av anlegga våre ved Hesbygrunnen og Prestholmane etter samtalar med interessentar, noko vi meiner dempar konfliktnivået og bidrar til sambruk av sjøareala. 

Kommuneplanen i Bømlo skal reviderast, og vi sendte innspel om utvikling av næringsområda i Øklandsvågen og Skålevik, i tillegg til akvakulturområde i sjø. I forbindelse med kommuneplanen og fabrikkprosjektet i Øklandsvågen snakka vi med mange naboar, og drøfta korleis vi i størst mogleg grad kan ta omsyn til deira interesser. Vi sende i tillegg brev med informasjon om innspelet til alle grunneigarar i Øklandsvågen. 

Interessentmøte er ein sentral del av ASC-sertifiseringa av oppdrettslokasjonane våre. I løpet av 2021 arrangerte vi møte om sertifiseringa av Jørstadskjera ved Ombo i Stavanger kommune, og for lokalitetane i Ålfjorden – i kommunane Sveio og Vindafjord. 

Sponsorarbeidet bidrar til utvikling 

Gjennom sponsorarbeidet ønsker vi å bidra til livskraftige og mangfaldige lokalsamfunn der vi har drifta vår. 

Vi delar ut midlar til lag og organisasjonar to gonger årleg. I 2021 delte vi ut nesten 2,1 mill. kroner til lag og organisasjonar i kommunane Bømlo, Stavanger, Strand, Sveio, Ullensvang og Vindafjord. 

Finnøy fleirbrukshall trengte midlar til å male hallen utvendig, etter mange år med travel aktivitet frå born og unge idrettsentusiastar. Idrettshallen er eit viktig samlingspunkt for lokalsamfunnet på Finnøy, og eit viktig bidrag til det livskraftige lokalsamfunnet på øya. Bremnes Fryseri støtta tiltaket med 100 000 kroner. 

2,1 millionar kroner i sponsormidlar

Sjakkturneringa Norway Chess blei arrangert i starten på september. Sjakken koplar menneske frå ulike bakgrunnar, kulturar, aldrar og språk. Bremnes Seashore var med og sponsa barne- og ungdomsturneringa til Norway Chess. 

Bremnes Seashore har også teke del i initiativ til avfallsrydding langt vekke frå Noreg. Avfall som blir kasta i elver i Asia hamnar til slutt i havet. Organisasjonen Rivers.Global skal hindre at avfallet kjem seg ut av elva, ved å sette i drift avfallsoppsamlarar i elveløpa. I 2021 har vi hjelpt organisasjonen med å få laga ein prototype av elveoppsamlaren i Noreg. Denne blei testa i Etneelva – med svært gode resultat. •

Nærare informasjon frå drifta, inkludert utgreiing etter likestillings- og diskrimineringslova § 26 a, finn du her: Driftsinformasjon