Første lokalitet med internasjonal berekraftgodkjenning
I tillegg til at merkevarene våre skal smake godt og sjå delikate ut, stiller forbrukarane rundt om i verda også stadig strengare krav til at produksjonen skal skje på ein måte som bidrar positivt til miljøet, folka og samfunnet rundt oss.
At oppdrett i sjø føregår på ein mest mogleg skånsam og berekraftig måte, er eitt av ønska frå lakseetarane. Det er òg eit krav styresmaktene set for ekspansjon av oppdrettsnæringa. Bremnes Seashore sitt svar er å starte ASC-sertifisering av oppdrettslokalitetane våre, og i 2021 var altså Jørstadskjera den første som passerte nålauga.
Omfattande dokumentasjonsjobb
– Aquaculture Stewardship Council (ASC) har etablert ein internasjonal standard for miljømessig berekraft og sosialt ansvar. Ved å sertifisere oppdrettslokalitetane våre etter denne standarden, får dei eit solid kvalitetsstempel og viser at drifta er i tråd med den strengaste og mest anerkjende berekraftstandarden for næringa vår. På sikt er målet vårt at alle oppdrettslokalitetane i konsernet skal bli ASC-sertifiserte, og at vi kan marknadsføre produkta våre med dette stempelet, fortel Johan Flatebø Selle, som inntil januar 2022 var ansvarleg for internkontroll i Bremnes Seashore. Då skifta han beite, og byrja som berekraftskonsulent i PricewaterhouseCoopers (PWC).
Sju nye lokalitetar er planlagt sertifiserte i 2022. Tittelsnes, Loddetå og Svollandsneset – tre anlegg i innløpet til Ålfjorden i Sunnhordland – står først på lista. Alle tre ligg godt an til å oppfylle alle parametrane i sertifiseringsordninga.
– Å sertifisere eit anlegg er ein omfattande prosess som går over fleire månader. Vi må dokumentere alle sider ved drifta av anlegget, til dømes tilstanden på sjøbotnen, at oksygennivået i vatnet er godt, korleis vi påverkar faunaen rundt oss, og at vi har ei drift som er gjennomsynleg for lokalsamfunnet og andre interessentar. Kvart anlegg må gjennom ei årleg rapportering, før det er full resertifisering igjen etter tre år. Men så er det jo dette berekraft handlar om: Kontinuerleg forbetring, der vi møter dagens behov utan å gå på akkord med moglegheitene framtidige generasjonar har til å gjere det samme, fastslår Selle.
No gjeld det å hegne om dette stempelet, for med sertifiseringa følger det eit ansvar for å etterleve. Vårt fokus er å klare det og å forbetre oss ytterlegare.
Simen Kaldefoss • driftsleiar
Skal hegne om kvalitetsstempelet
Simen Kaldefoss, driftsleiar på Jørstadskjera, er både stolt og glad over å vere i mål.
– For oss som jobbar her er det stort å vere første lokaliteten i konsernet med ASC-sertifisering. Det er kjekt å kunne levere fisk med eit kvalitetsstempel som seljarane etterspør. No gjeld det å hegne om dette stempelet, for med sertifiseringa følger det eit ansvar for å etterleve. Vårt fokus er å klare det og å forbetre oss ytterlegare, seier Kaldefoss.
Han fortel at driftsteamet ute på anlegget har opplevd sertifiseringa som ein ryddig og godt førebudd prosess, der dei heile tida har hatt god kontroll på dokumentasjonen som skal rapporterast inn, og der eksisterande driftsprosedyrar i stor grad allereie oppfyller ASC-krava.
– Vi driv næringsverksemd tett på folk og viser att i fjordbildet. Då er det er godt å vete og kunna vise at vi etterlever ein av verdas mest omfattande standardar for berekraft i vår bransje. ASC har mellom anna eit fint krav om at vi skal arrangere opne møte for interessentar, der dei som vil kan sjå oss i korta. Det synest eg er flott. Då føler vi oss trygge på at vi har informert lokalsamfunnet best mogleg, og vonleg kan denne openheita også bidra til at negative mytar om havbruksnæringa etter kvart blir viska ut, seier Kaldefoss. •