Godt levert – i nok eit unntaksår
At vi greidde å oppretthalde ei trygg drift i ei utrygg tid – der vi produserte, slakta og selde fisk kvar einaste dag – gjer meg både stolt og glad. Takk for innsatsen. Godt jobba, alle saman!
Laksemarknaden var sterk gjennom 2021, trass i problema i verdshandelen. Det viser kor stor etterspørselen etter laks er, og ikkje minst kor viktig vår matvareproduksjon er for samfunnet.
I 2021 fekk vi igjen oppleve den positive effekten av den storstilte satsinga på større smolt, som bidrar til betre biologi og meir effektiv produksjon. Etter å ha bygd opp kapasiteten sidan 2014, oppnådde vi full kapasitetsutnytting i storsmoltproduksjonen. Smolten vi sette ut i sjøen hadde ei snittvekt på 500 gram, og vi ser at storsmolten kjapt tar til seg næring og bidrar frå start til auka produksjon – eit tydeleg teikn på trivsel.
Omverda og rammevilkåra endrar seg heile tida, og det skal vi òg.
Einar Eide • administrerande direktør, Bremnes Seashore
Dåpen av den nye brønnbåten «Ronja Vest» var ein annan milepåle. Fartøyet gjer oss godt rusta til effektiv behandling av lakselus og sjukdomar i sjøfasen, og kompletterer brønnbåtsatsinga vår. Ved å ha tre dedikerte brønnbåtar til luse- og sjukdomsbehandling, smolttransport og slaktetransport, styrker vi berekrafta, fiskehelsa og fiskevelferda.
Salsselskapet Sjór hadde i 2021 sitt første driftsår som heileigd del av konsernet, og leverte solide resultat frå dag ein. Det er ein styrke for oss at vi no har heile verdikjeda, frå rogn til sal, integrert i konsernet. Dei sterke salsmiljøa våre er avgjerande for å hente ut verdien av kvalitetsprodukta våre. Dei bidrar i tillegg til at vi og kundane våre kjem tettare på kvarandre, og har ei viktig rolle når vi i endå større grad skal utvikle nye produktkonsept i tida framover.
Og utvikle oss, det skal vi! Omverda og rammevilkåra endrar seg heile tida, og det skal vi òg. I dette arbeidet skal vi utnytte fortrinna vi har i form av råstoff av ypparste kvalitet, gode produkt og sterke merkevarer til å skape attraktive nye SALMA- og BÖMLO-konsept. Målet er å ta fram produkt som slår an hos kundane og som utnyttar ein større del av laksen. •
Einar Eide • administrerande direktør, Bremnes Seashore