Styret si årsmelding for 2021

Nøkkeltal og høgdepunkt

(i millionar NOK, med mindre anna er opplyst)

202120202019
Finansiell informasjon
Sum inntekter5 249,03 147,62 863,5
Resultat før finansposter og skattekostnad183,8165,8230,8
Driftskostnader4 916,82 798,02 439,4
Årets resultat133,1130,7184,0
Kortsiktig gjeld726,5613,8544,1
Langsiktig finansiell gjeld439,6548,6562,8
Netto rentebærande gjeld323,0230,1489,6
Sum eigedeler2 898,02 890,32 774,2
Aksjekapital6,16,16,1
Netto gjeld over sysselsatt kapital %14,9 %10,1 %22,0 %
Berekna ROACE %8,3 %7,4 %10,7 %
Operasjonell informasjon
Slaktevolum laks (mt gwt)26 213,827 795,528 444,0
Ståande biomasse sjø (mt lw)18 069,118 255,917 856,8
Gjennomsnittleg MTB-utnytting90,6 %95,7 %93,1 %

2021 OPPSUMMERT 

2021 var eit år for handling, fokus og samspel, då vi sette fart på strategi og gjennomføring for å styrke posisjonen til konsernet. Produktporteføljen vår er samansett av sterke merke og konsept som er kjenneteikna av ein høg kvalitetsstandard. Krava frå forbrukarane er samtidig i endring, og fokus på nye produkteigenskapar som sunnheit og berekraft har fått større merksemd. Vi har lagt større vekt på alle dei positive moglegheitene som ligg føre oss, og har gjennom iverksetjing av betydelege investeringar i utvida foredlingskapasitet og innføring av ASC-sertifisering gjort grep for å møte endringane i marknaden.

Som mange andre i vår bransje har vi halde fram med å navigere i kjølvatnet av effektane frå koronapandemien, som gav meir omfangsrike problem i leverandørkjeda og meir dynamiske råvareprisar i 2021. Vi har heile tida vore tru mot vår strategi og visjon, noko som har bidratt til ytterlegare topplinjevekst. Samtidig opplevde vi at biologiske utfordringar i stor grad avgrensa effektiviteten, spesielt i sjøproduksjonen vår. Vi er likevel svært stolte over innsatsen som heile Bremnes Fryseri-konsernet har lagt ned i eit krevjande år.

Den samla omsetninga til konsernet var rekordhøg i 2021, med totale inntekter på 5 249,0 millionar kroner. Det er ein auke på 66,8 % samanlikna med 2020. Omsetningsauken kjem som eit resultat av at Sjór blei konsolidert på 100 % basis i konsernet frå 1. januar 2021. Samtidig auka dei realiserte lakseprisane med 5,8 % som følge av ein vedvarande høg etterspørsel av laks. Prisveksten kom til tross for svært høgt tilbod gjennom året, og er eit teikn på styrken i den internasjonale laksemarknaden.

Oppdrettsaktiviteten vår hadde eit varierande år med god produksjon og høg konsesjonsutnytting i første halvår, medan andre halvår var prega av biologiske utfordringar med ein utfordrande lusesituasjon og høgt behandlingstrykk frå juli til desember. I gjennomsnitt oppnådde vi ein produksjon per konsesjon på 1 191 tonn. Samtidig oppnådde vi eit slaktevolum på 26 214 tonn, ein reduksjon på 5,7 % samanlikna med 2020. Den gode produksjonen fekk vi til gjennom forbetringar i aktivitetane våre i sjø – sterkt drivne av større smolt med tilhøyrande redusert produksjonstid. Verktøy som fjernstyrt fôring har bidratt til auka grad av spesialisering, noko som viser igjen på både produksjon og resultat. 

Anne Brith Skogen Haakull studerer fisken på Trovåg.

Slike tiltak, som bidrar til styrkt kontroll og meir føreseieleg fôring og biologisk utvikling, vil sikre at den stabile veksten held fram. Kostnadsbiletet på slakta fisk var prega av enkelte grupper som drog gjennomsnittet sterkt opp. Samla oppnådde vi ein reduksjon på 3,2 % i produksjonskostnaden for oppdrett i 2021, samanlikna med 2020.

Merkevarene SALMA og BÖMLO omsette samla på rekordnivå, med eit totalvolum på 4 005 tonn (pw) ferdigvarer. Ein slik produksjon kravde råstoff tilsvarande 28,4 % av heile slaktevolumet til konsernet i 2021. Trass i ein skiftande og krevjande marknad, har salsapparata i Salmon Brands og Sjór levert gode meirverdiar for konsernet i 2021.

Vi nyskapar og arbeider hardt for å industrialisere eigen produksjon gjennom auka produksjonskontroll og digitalisering. Vi lanserer produkt som set standarden i sine marknader. Vi investerer i våre tilsette og utviklar eigne talent. Dette er alle gode eksempel på etterleving av verdiane våre – truverd, arbeidsglede og utvikling – noko som gir god grobotn for forventningar til fortsettinga.

BREMNES FRYSERI-KONSERNET

Bremnes Fryseri har hovudkontor i Bømlo kommune, med produksjonsavdelingar i Hardanger, Sunnhordland og Rogaland, og salskontor i Bergen, Oslo, Stockholm, Paris og Beijing. Verksemda til konsernet omfattar i all hovudsak oppdrett av settefisk og matfisk, samt slakting, pakking, frysing, foredling og sal av oppdrettslaks og lakseprodukt.

Visjonen vår er å sette den nye globale standarden for kvalitetslaks. For å verkeleggjere denne visjonen må vi vere best på kvalitet, etisk standard og berekraftig miljøarbeid – med eit fokus retta mot ferskheit, hygiene, fiskevelferd, kunnskap og innovasjonsevne. Som føregangsbedrift for kvalitetslaks må vi òg styrke posisjonen vår som ein leiande leverandør, med høgast tilfredsheit hos utvalde kundegrupper i den globale marknaden. For å klare dette, tar vi mål av oss å dra nytte av heile den integrerte verdikjeda og å leie an i utviklinga av kvalitetsfremmande produksjonstiltak. Ved å legge vekt på endå betre samhandling, sikrar vi langsiktig verdiskaping for våre kundar og konsernet gjennom optimal drift, sterk konkurransekraft, auka produksjonsvolum, reduserte kostnadar og auka volum av foredla varer. 

Det strategiske fokuset for konsernet omfattar berekraft, auka verdi på produksjonen, styrkt kostnadsfokus, i tillegg til å skape meirverdi gjennom merkevarer og konsept. Det er avgjerande for konsernet å sikre ein berekraftig lakseproduksjon i sjø, og at ressursane våre blir brukte i samsvar med dette. Vi set likskapsteikn mellom berekraft og lønnsemd, og berekraftsfokuset vårt kjem til uttrykk gjennom dei krav vi set til samarbeidspartnarar i heile verdikjeda, innovasjonskulturen vår, og gjennom fokuset vårt på å sikre gode og trygge arbeidsplassar gjennom ein berekraftig og lønnsam produksjon og lokal verdiskaping. Gjennom investering i stor smolt, utvida samarbeid med naturlege partnarar i bransjen og målretta organisering, har vi ambisjon om å betre biologiske føresetnader, auke overlevinga og heve produksjonen på sjø under eksisterande løyve. 

Lågare produksjonskostnad oppnår vi gjennom betre kapasitetsutnytting i produksjonen og tilrettelegging for optimalt produksjonsfokus. Etablering av innkjøpsfunksjon, styrking av utviklingsarbeidet som støttefunksjon, aktivitetsbasert organisering, implementering av nye digitale løysningar og auka grad av automasjon, er viktige tiltak som vil bidra til meir effektiv drift gjennom støtte og frigjering av kapasitetar i verdiskapingsleddet. Å skape meirverdi av laksen gjennom attraktive produkt for konsumentmarknaden skjer gjennom innovasjon og foredling av råstoff av høgaste kvalitet – i ein produksjon med høg automatiseringsgrad og strenge hygienekrav. Satsing på produkt som er attraktive for betalingsvillige kundar, og innovasjonar som genererer auka lønnsemd, sikrar meirverdi for konsernet.

Vi har tru på at felles fokus og betre samhandling vil vere forløysande for å hente ut potensialet i organisasjonen, slik at vi realiserer visjonen til konsernet.

FINANSIELLE RESULTAT

Dei finansielle resultata er skapt i interaksjonen mellom menneske, natur og teknologi. Langsiktig suksess kviler på eit godt samspel mellom desse, i tillegg til vekst basert på miljømessig og finansiell berekraft.

KONSERNRESULTAT 

Omsetning og volum

Omsetninga for 2021 var NOK 5 249,0 millionar, som var ein auke på 66,8 %, eller NOK 2 101,5 millionar, samanlikna med omsetninga på NOK 3 147,6 millionar i 2020. Sjór AS er konsolidert inn i omsetningstala for 2021, og er slik hovuddrivar for omsetningsauken. Omsetninga var den høgaste i konsernet si historie. Den gjennomsnittlege lakseprisen auka med 6,2 % i 2021, samanlikna med 2020.

Konsernet hadde eit slaktevolum på 26 214 tonn (gwt) fisk i 2021. Dette er en reduksjon på 1 581 tonn frå året før. Det vart prosessert 23 377 tonn ekstern fisk gjennom året, noko som er ein nedgang på 2 181 tonn, eller 8,5 %, samanlikna med 2020.

Fordeling av omsetnad per segment

0%

VAP*

* value added product / foredla produkt

0%

Heilfisk

0%

Settefisk

Materialkostnad

Varekostnaden for 2021 enda på NOK 3 490,9 millionar, ein auke på 68,5 %, eller NOK 1 419,1 millionar, samanlikna med varekostnaden på NOK 2 071,8 millionar i 2020. Sjór AS er konsolidert inn i tala for 2021, og er hovuddrivar for auken i materialkostnaden.

Løns- og personalkostnader

Totale løns- og personalkostnader for 2021 var NOK 420,5 millionar, som var ein auke på 22,8 %, eller NOK 78,2 millionar, samanlikna med NOK 342,3 millionar i 2020. Auken kom hovudsakleg frå vekst i årsverk og lønsvekst, og var delvis driven av ugunstige effektar frå auka rigiditet i skiftordningar som følge av smittevernstiltak i samband med covid-pandemien, samt effektivitetstap som følge av hurtige og uventa endringar i volumleveransar til prosessindustrien. I tillegg kom effektane frå konsolidering av Sjór AS. Netto auke i 2021 var 27,4 årsverk, inkludert innleigd arbeidskraft. 

Andre driftskostnader

Samanlikna med 2020 auka andre driftskostnader med NOK 624,0 millionar, eller 162,6 %, gjennom 2021. Dei auka kostnadene kjem hovudsakleg av konsolidering av Sjór AS, og kostnader i forbindelse med transport og frakt frå salsaktivitetane som er klassifisert under andre driftskostnader.

Driftsresultat før finanskostnader (EBIT)

EBIT i 2021 vart NOK 173,8 millionar – ein auke på 6,3 % samanlikna med NOK 163,5 millionar i 2020. Utviklinga er samansett, og er hovudsakleg driven negativt av reduksjonen i eige slaktevolum og driven positivt av betre gjennomsnittleg salspris i perioden.

Avkastning på sysselsett kapital (ROCE)

ROCE var 8,5 % for 2021, ein auke frå 7,3 % i 2020. Auken kom som eit resultat av høgare driftsmarginar, justert for ekstraordinære nedskrivingar på biomasse og utstyr. Forbetringa var driven av lågare produksjonskostnader og høgare prisbilde. Det langsiktige målet er ein ROCE på over 12 %.

Brønnbåten «Ronja Vest» har styrkt behandlingskapasiteten til Bremnes Seashore og Bolaks.

Finanskostnader

For 2021 blei finanskostnadene reduserte med -63,3 % til NOK 10,8 millionar, samanlikna med NOK 29,5 millionar i 2020. Eliminering av rentekostnader mot Sjór AS utgjer størstedelen av reduksjonen. Gjennomsnittleg renteberande gjeld i 2021 var NOK 276,6 millionar, ein reduksjon samanlikna med NOK 359,9 millionar i 2020. Netto renteberande gjeld per 31.12.2021 var totalt NOK 323,0 millionar.

Konsernet er eksponert for finansiell risiko i form av marknadsrisiko, valutarisiko, kredittrisiko og likviditetsrisiko. I den grad konsernet har sett det som naudsynt, har vi styrt risikoen ved bruk av finansielle instrument og forsikringsordningar.

Skatt

For 2021 vart skattekostnaden på NOK 40,7 millionar, samanlikna med NOK 32,8 millionar i 2020.

KONSESJONAR

Konsernet har 21 ordinære konsesjonar i tillegg til fire FoU-konsesjonar. Den bokførte verdien av konsesjonsrettane er i årsrekneskapen oppført med NOK 242,8 millionar for 2021, uendra frå 2020. Målt i NOK per kg produsert laks utgjer dette NOK 9,37. Den gjennomsnittlege netto utnyttinga av konsesjonane utgjer 91,71 % i 2021. Samanlikna med 94,5 % i 2020, utgjer dette ein nedgang som kjem på grunn av redusert produksjon – som resultat av større biologiske utfordringar siste halvår 2021. Det er ei forventning om ei forbetring i utnyttinga dei kommande åra. Eit viktig element i denne samanheng er satsinga på større gjennomsnittsvekt på smolt som vert sett ut, noko som vil bidra til kortare produksjonstid i sjø og auka hausting per konsesjon.

LIKVIDITET OG KAPITALRESSURSAR

Dei viktigaste likviditetsressursane våre er kontantbehaldning, inntekter frå drift, og til ein viss grad banklån. Likviditetsbehovet kjem hovudsakleg gjennom varekostnader, inkludert ekstern fisk og fiskefôr, investeringar, annan arbeidskapital, og kapitalkostnader til behandling av gjeld og utbytte. Dagens behaldning av kontantar er tilstrekkeleg for å dekke arbeidskapitalbehova i ordinær verksemd.

Netto renteberande gjeld var NOK 323,0 millionar per 31. desember 2021, mot NOK 230,1 millionar for same tidspunkt i 2020. Netto gjeld over sysselsett kapital utgjorde 13,9 % for 2021, medan tilsvarande forhold var 10,1 % i 2020.

Bremnes Fryseri-konsernet har teikna styreansvarsforsikring for styrets medlemmar og leiande personell.

Fordeling mellom egenkapital og gjeld

0%

Langsiktig gjeld

0%

Kortsiktig gjeld

0%

Egenkapital

KONTANTSTRAUM

Kontantstraum frå drift

For 2021 enda kontantstraum frå drift på NOK 135,6 millionar, samanlikna med NOK 464,8 millionar for 2020. Nedgangen kom frå auke av varelager og auke i betalbar skatt.

Kontantstraum frå investeringar

Kontantstraum frå investeringar var NOK -78,5 millionar for 2021, mot NOK -176,6 millionar i 2020 – på grunn av redusert investeringsaktivitet i 2021.

Kontantstraum frå finansiering

Kontantstraum frå finansiering var NOK -114,5 millionar for 2021, samanlikna med NOK -43,0 millionar i 2020. Av dette utgjorde utbytte NOK 150,0 millionar og netto regulering av gjeld NOK 35,5 millionar.

ÅRSRESULTAT

Resultatet etter skatt kom på NOK 133,1 millionar. Dette er ein auke på NOK 2,4 millionar samanlikna med NOK 130,7 millionar i 2020.

UTBYTTE

Bremnes Fryseri utbetalte eit utbytte per aksje på NOK 245,90 i 2021. I 2020 var utbyttet på NOK 65,57 per aksje.

DISPONERING AV RESULTAT

På den komande generalforsamlinga vil styret foreslå at årsresultatet på NOK 133,1 millionar skal disponerast som følger: Det blei utbetalt eit utbytte på NOK 150 millionar i 2021. NOK 16,9 millionar skal overførast frå anna eigenkapital.

VIDARE DRIFT

Med bakgrunn i dei finansielle resultata, blir det i samsvar med rekneskapslova § 3-3a stadfesta at føresetnaden om vidare drift er lagt til grunn ved utarbeiding av rekneskapen, og at rekneskapen gir eit rettmessig bilete av konsernet sine eigedelar, gjeld, finansielle posisjon og resultat. Stadfestinga er basert på rapporterte resultat og konsernet sin strategi, finansielle situasjon og etablerte budsjett.

BEREKRAFT

I store delar av verda er det eit stadig aukande fokus på berekraft og industriell verdiskaping. På grunn av koronapandemi og urolege internasjonale forhold har føreseieleg tilgang på sunn og næringsrik mat fått ny vekt. Samstundes får stadig fleire menneske ein betre levestandard, noko som vil krevje at framtidig matproduksjon møter auka global etterspørsel på ein berekraftig måte. Sjømat, og særskilt akvakultur, må i framtida stå for ein større del av verdas matproduksjon. For å bygge vidare på posisjonen til dei marknadsleiande merkevarene våre, vil Bremnes Fryseri søke å stå fremst i næringa si berekraftige utvikling.

I tillegg til krav frå styresmakter i Noreg og EU, møter vi heile tida sterkare krav frå kundar og forbrukarar. For langsiktig vekst og utvikling av konsernet og bransjen, er det avgjerande at drifta skjer i tråd med styrkte forventingar og krav til miljø, reduksjonar i klimagassutslepp og ansvarleg forretningsframferd. Styret si oppgåve er å sikre at denne etikken vert tatt vare på etter beste evne, og derfor er også berekraft etablert som eit viktig fokusområde i strategien til konsernet. Dette krev stort fokus på rømmingssikker produksjon, biologisk mangfald, rett bruk av medikament, fiskehelse, berekraftig energi- og råvareutnytting og logistikk. 

Med innføringa av openheitslova i 2022 forventar vi auka merksemd rundt menneskerettar og anstendige arbeidsforhold i leverandørkjeda. Denne utviklinga er vi budd på.

Havbruk er kjøttproduksjon med eit lågt CO2-utlepp. Vi må likevel arbeide systematisk for å redusere utsleppa, både frå fôr, produksjon og transport. Nytt av året er at vi har kartlagt utsleppa ikkje berre i eiga verdikjede, men også hos våre leverandørar. Vårt mål er å redusere utsleppa med 45 prosent fram til 2030, og vi vil styrke klimaomstillingsarbeidet i åra framover. 

Kristian Hollund, Vidar Steinsbø, Hans Marius Stokkenes og Vidar Helvik ved sorteringsrista ombord på «Ronja Christopher».

Sjølv om våre eigne kutt bidrar til å nå berekraftsmåla, ønsker vi i tillegg å få fram gode døme for næringa og annan matproduksjon.

Det er eit mål at oppdrettsverksemda blir driven forsvarleg etter miljømessige mål. Konsernet overvaker nøye sjøkvalitet og påverknad av botnforholda rundt anlegga for å sikre ei berekraftig drift med akseptabelt fotavtrykk på miljøet.

Lakselus har òg i 2021 vore ei utfordring for selskapet. Som eit tiltak mot lakselusa har vi auka brønnbåtkapasiteten. Vi står difor betre rusta til å behandle lokalitetane ved teikn på auke i lusenivåa.

Berekraftsatsinga vår kjem òg til uttrykk i krava vi stiller til samarbeidspartnarar i heile verdikjeda, i innovasjonskulturen vår, og i arbeidet vårt for å sikre gode, trygge og utviklande arbeidsplassar som genererer lokal verdiskaping. 

FORSKING OG UTVIKLING

I konsernet har vi som målsetting å utvikle oss gjennom målretta forsking og utvikling (FoU), og 2021 har også vore eit aktivt år på den fronten. Dette er viktig for å oppnå berekraftig vekst i bransjen gjennom god biologisk produksjon og eit mest mogleg klima- og miljøvenleg fotavtrykk. Arbeidet har i tillegg vore konsentrert rundt utvikling og forbetring av kvalitet og berekraft i slakte- og foredlingsprosessen, utvikling av nye foredla høgkvalitets merkevarer, og forsking på korleis vi kan utnytte heile råstoffet til menneskemat. Dette arbeidet har ei klar kopling mot utviklinga av ny foredlingsavdeling og satsinga på produktkvalitet og merkevarer. Selskapet sine FoU-aktivitetar blir utførte i nært samarbeid med norske forskingsmiljø.

HELSE, MILJØ OG SIKKERHEIT

HMS-arbeidet held fram kontinuerleg. Det er viktig for Bremnes Fryseri-konsernet å ha ein levande og innarbeidd HMS-kultur. Konsernet har to hovudverneombod og ti verneombod fordelt i organisasjonen. Arbeidsmiljøutvalet (AMU) har halde fire møte i 2021.

For første gang gjennomførte vi felles medarbeidarundersøking for heile konsernet i 2021, som kartlegg psykologiske, sosiale og organisasjonsmessige forhold i arbeidslivet. Resultata frå undersøkinga var jamt over gode, men deltakinga noko låg.

Trygt Heim-omgrepet står sterkt i organisasjonen, og skal understreke at vi legg vekt på arbeidstryggleik for dei tilsette. Alle skal jobbe så sikkert at dei sjølv og kollegaene kjem trygt heim kvar dag. Styret har stor tru på at gode haldningar, som speglar seg i åtferd og gode val, er nøkkelen til førebygging av alvorlege skadar – og har som mål å skape ein kultur der dei tilsette tek ansvar for både eiga og andre si sikkerheit. For å styrke dette haldnings- og handlingsarbeidet er oppfølging av registrerte sikkerheitsobservasjonar, meir erfaringsutveksling og tett samarbeid med verneomboda ein viktig del av HMS-arbeidet.

Målet til Bremnes Fryseri er null skadar. Sikkerheita til dei tilsette og eit sunt arbeidsmiljø står høgt på styret sin agenda, og styret vil ikkje akseptere at ein går på kompromiss med tryggleiken for å møte andre driftsmål. Samla sjukefråvær i konsernet utgjorde 5,8 % i 2021, ein nedgang frå 6,8 prosent i 2020.

Styret vil framleis arbeide for forbetra helse og tryggleik i den vidare drifta.

TILSETTE

Ved utgangen av 2021 hadde konsernet 579 tilsette. Samanlikna med 2020 er dette ein vekst på 121 tilsette. Veksten kjem som eit resultat av at Sjór frå 1. januar 2021 var heileigd av konsernet. I tillegg blei vi fleire tilsette grunna auka foredlingskapasitet i påvente av ny fabrikk, med tre skift og sekstimarsdag i foredlingsavdelinga. Konsernet nyttar innleigd arbeidskraft når det er naudsynt. I 2021 utførte innleigde tilsette 33 årsverk, noko som er ein auke på 10 årsverk samanlikna med 2020. Covid-19 har medført at bedrifta i mindre grad enn tidlegare har nytta seg av innleigde frå vikarbyrå.

Styret rettar ein stor takk til alle tilsette for innsatsen som vart lagt ned i 2021.

LIKESTILLING OG MANGFALD 

Bremnes Fryseri er opptatt av å trygge likestilling, sikre like moglegheiter og rettar, og å hindre diskriminering – i samsvar med diskrimineringslova sitt formål. Konsernet arbeider aktivt, målretta og planmessig for å sikre lovas formål om mangfald. Aktivitetane omfattar blant anna rekruttering, løns- og arbeidsvilkår, karriereutvikling og vern mot trakassering.

Konsernet har som mål å vere en arbeidsplass der det ikkje skjer diskriminering på grunn av redusert funksjonsevne. Konsernet arbeider aktivt og målretta for å utforme dei fysiske forholda slik at verksemda sine ulike funksjonar kan nyttast av flest mogleg.

Kjønnsfordeling i konsernet

0%
Menn
0%
Kvinner

Havbruk er ei næring som tradisjonelt har vore samansett hovudsakleg av menn, men dei siste åra har fleire kvinner søkt seg til næringa. Ved utgangen av 2021 var det høvesvis 36,6 prosent kvinner og 63,4 prosent menn i konsernet. Av styrets seks medlemmer er ei kvinne. Vi har ein profesjonell rekrutteringsprosess der vi bruker anerkjente rekrutteringsverktøy og har rutinar som skal bidra til likestilling mellom kvinner og menn og hindre anna diskriminering. For å jamne ut kjønnsbalansen og hindre diskriminering, jobbar vi kontinuerleg for å få eit likestilt, inkluderande og mangfaldig arbeidsmiljø.

Bremnes Fryseri har tilsette frå mange kulturar og med ein mangfaldig erfaringsbakgrunn. Vi har over 20 nasjonalitetar representerte i drifta vår.

COMPLIANCE

Bremnes Fryseri er dedikert til å utføre si forretningsverksemd på ein etisk måte og med integritet. Konsernet gjennomførte risikovurderingar av drifta og verdikjeda, og har implementert mitigerande tiltak og kontrollar for å forebygge korrupsjon og kvitvaskingsaktivitetar. Konsernet opplevde ingen tilfelle av korrupsjon eller kvitvasking i 2021. Bremnes Fryseri-konsernet vil etterleve alle relevante sanksjonar relaterte til Russland eller Kviterussland.

I februar 2019 starta EU-kommisjonen ei etterforsking for å avdekke moglege konkurransevridande aktivitetar i den norske lakseindustrien. Sjór er eit av selskapa som er under etterforsking. Basert på EU si etterforsking, lanserte konkurransemyndigheitene i USA si eiga etterforsking i saka i november 2019. To gruppesøksmål er anlagt av direkte og indirekte kundar i USA, og tre nye gruppesøksmål er omsøkt i Canada (ingen er endå sertifiserte som gruppesøksmål). Bremnes Fryseri er ikkje kjend med nokon form for konkurransevridande praksis, eller andre praksisar som undergrev konkurransen, verken innan konsernet, i EU, USA eller Canada. Konsernet samarbeider fullt ut med europeiske og amerikanske myndigheiter i desse sakene, og følger opp gruppesøksmåla i USA og Canada tilsvarande.

Sommarvikarar held hjula i gang i produksjonen.

MARKNADSUTSIKTER

Det globale slaktevolumet av atlantisk laks er forventa å reduserast med 2 % i 2022 samanlikna med 2021. Med avgrensa volumutvikling og sterk etterspørsel kan vi vanlegvis forvente høge prisar. Marknadssituasjonen er likevel spesiell i inngangen til 2022, med oppløysing av strenge smittevernrestriksjonar som er forventa å tilbakeføre volum i HoReCa-segmentet, samtidig som volumauken i daglegvarehandelen som følgje av pandemien er forventa å bidra til vekst samanlikna med volumet før Covid-19.

Bremnes Fryseri vil fortsette å investere i heile verdikjeda for å støtte organisk vekst. Styrken til marknaden for fersk laks har blitt testa gjennom auka prisar over fleire år, og etterspørselen har vore stabil. Ein betydeleg drivar i denne samanheng er foredla lakseprodukt, der trenden er at laksen er flytta vekk frå den tradisjonelle fiskedisken. No er han i stadig større grad å finne som enkle og brukarvenlege produkt i ferskvareseksjonen i alle typar daglegvarebutikkar. Gjennom produktutviklinga innan laksekategorien, kan kundane i større grad velje ferske, ferdigpakka produkt eller varer med større foredlingsgrad. Denne posisjoneringa blir vurdert som spesielt viktig, då høge prisar har opna for auka landproduksjon nærare marknaden. Vi har tru på at ei tydeleg posisjonering, basert på produktkvalitet, berekraft, sunnheit og sterke merkevarer, vil vere eit viktig tiltak for å oppretthalde tilfredsstillande marginar.

Trass høge lakseprisar har foredlingsaktivitetane levert svært gode resultat. Desse er oppnådde gjennom effektiv kapasitetsutnytting i produksjonen og vidareutvikling av sterke merkevarer, godt støtta av marknadsarbeidet i Salmon Brands og Sjór. Salsselskapa har bidrege sterkt til å styrke konsernet sine merkevarer gjennom ei innovativ marknadstilnærming som har utvikla både volum og produktattraktivitet. Etterspørselen etter ferske lakseprodukt aukar kvart år, og konsernet ser fleire spennande utviklingsretningar dei komande åra.

Kvalitetsomgrepet er i rask endring og forbrukarane krev stadig meir av oss. Kundane våre stiller no tydelegare og meir omfattande kvalitetskrav. Desse trendane er svært sentrale for den vidare utviklinga av Bremnes Fryseri, sidan vi sel kjente merkevarer med sterkt omdøme i marknadene. Laksen skal sjølvsagt smake minst like godt og sjå like delikat ut som i dag. For å møte forventingane må vi i tillegg bidra positivt til miljøet, folka og samfunnet rundt oss. Dette samfunnsansvaret vil krevje meir av oss i framtida, og vi skal vere ei av dei bedriftene som fangar desse endringane i tide.

Bremnes Fryseri er i ein sterk posisjon til å møte krava frå kundane og forbrukarane. Vi set likskapsteikn mellom berekraft og lønsemd, og vi er i fremste rekke i havbruksnæringa sin reduksjon av klimagassutslepp. Klima og miljø er viktige mål på berekraft, men samfunnsansvaret vårt handlar i tillegg om at vi skapar trygge arbeidsplassar og bidrar til levande lokalsamfunn. Vi forventar auka merksemd rundt leverandørleddet og aktsemdsvurderingar framover.

Bremnes Fryseri si drift gir ringverknader til kommunane og staten, og vi meiner skattlegging er ein viktig del av samfunnskontrakten. Styresmaktene vedtok i statsbudsjettet for 2022 å auke verdisettinga av eldre akvakulturløyve, noko som gir familieeigde selskap ei låst skattebyrde uavhengig av inntening, medan verdisetting av aksjar i børsnoterte selskap endrar seg med lønnsemda og børsverdien. Styret meiner denne endringa hindrar innovasjon og bruk av ny teknologi for å sikre auka berekraft, og er uheldig for mangfald og lokalt eigarskap i næringa.

Til tross for at verda har vore gjennom ein pandemi i 2020 og 2021, så har marknaden for hovudproduktet til selskapet utvikla seg positivt. Normaliseringa av marknadene i ei post-covid-verd gjer at 2022 har starta med god etterspørsel og rekordhøge lakseprisar. Den siste tids utvikling i Ukraina, med krigstilstand i Europa, har likevel bringa med seg ny usikkerheit og endra rammevilkår. På kort sikt påverkar auka olje- og kornprisar og flyforbodssoner våre logistikkløysingar, noko som gir redusert kapasitet og auka kostnader.

Effekten av redusert eksport til Russland frå andre land, og redusert eksport til Ukraina, vil truleg kunne påverke prisane noko for året totalt. Vi forventar likevel fortsett at det vil vere ein stram balanse mellom tilbod og etterspørsel i 2022, med tilhøyrande høgt prisnivå på laks. 

Totalt sett er den globale marknaden for laks svært sterk. Dette, kombinert med arbeidet med å utvikle og styrke den felles konsernkulturen – der alle tilsette veit korleis deira innsats bidreg til å oppnå dei strategiske måla våre – gjer at styret har høge forventningar til utviklinga av konsernet i fortsettinga. •

Fullt rekneskap og notar finn du her: Rekneskap og notar

Bremnes, 20. april 2022 

Jan Sverre Røsstad

styreleiar

Olav Svendsen

styremedlem/ konsernsjef

Bjørn Willy Sæverud

styremedlem

Laila Knarvik

styremedlem

Bjørnar Michaelsen-Svendsen

styremedlem

Nils Viga

styremedlem