Sparer 18 tonn plast og 40 tonn CO2 per merd
Flytekragane som held oppe nøtene i oppdrettsmerdane til Bremnes Seashore har normalt ei levetid på 15 til 20 år. Når den alderen er nådd, har tradisjonell praksis vore å kjøpe ny ring og levere den gamle til material- eller energigjenvinning. Dette ønskte oppdrettsavdelinga å endre på, og våren 2022 utfordra derfor Bremnes Seashore utstyrsleverandøren ScaleAQ til å doble levetida til flytekragane.
Frå 15 til 30 års teneste
Løysinga ScaleAQ kom fram til var å ta ringane på land og skifte alt av stålkomponentar. Allereie i desember blei oppgraderinga utført på den første flytekragen, tilhøyrande ei merd frå Jørstadskjæra i Rogaland. Plastringen blei resertifisert for 15 års vidare liv i sjøen, og er klar til teneste i vårutsettet ved Loddetå i Ålfjorden.
– For første gong har vi no eit alternativ til å kassere gamle flytekragar som går ut på dato. Ved å doble levetida sparer vi 18 tonn ny plast og 40 tonn CO2-ekvivalentar per merd. Dette er sjølvsagt positivt for klima- og miljøavtrykket vårt, men levetidsforlenging er også meir økonomisk berekraftig enn nyinvestering, påpeikar Eivind Sæverud, prosjektleiar sjø, og Ernst Olav Helgesen, teknisk sjef sjø, i Bremnes Seashore.
– Bremnes Seashore har vore ein viktig pådrivar for dette arbeidet. Samarbeid langs verdikjeda er heilt avgjerande for å lykkast med omstillinga til ein meir sirkulær økonomi, og i fellesskap oppnår Bremnes Seashore og ScaleAQ større reduksjon i klima- og miljøavtrykket, seier Hanne Digre, berekraftssjef i ScaleAQ.
Samarbeid langs verdikjeda er heilt avgjerande for å lykkast med omstillinga til ein meir sirkulær økonomi.
Hanne Digre • Chief Sustainability Officer, ScaleAQ
Operative fordelar
Utskiftinga av alle stålkomponentane vil òg gi operative fordelar i den daglege drifta på oppdrettsanlegga.
– Vi får 15 års produktutvikling på kjøpet, så ein resertifisert flytekrage held no ein heilt annan standard enn då vi kjøpte han. Stålkomponentane som blir nytta i dag er langt meir brukarvenlege for personellet vårt til sjøs, framhevar Sæverud.
Vi er langt meir proaktive med levetidsforlengingar, noko som gagnar både miljøet og økonomien.
Eivind Sæverud • prosjektleiar sjø
Om levetida til flytekragane kan utvidast ytterlegare etter 15 nye år til sjøs, står att å sjå.
– Det har vi ikkje svaret på enno. Ifølgje ScaleAQ må dei no hauste erfaringar frå denne type gjenbruk – i tett samarbeid med plastprodusenten, forklarer Sæverud.
Også fortøyingar får lengre brukstid
Flytekrageprosjektet er langt frå det einaste miljøinitiativet i sjøavdelinga. Også på andre utstyrsområde har levetidsforlengingar og gjenbruk fått auka fokus. Fortøyingar er eitt eksempel. Også her har Sæverud utfordra leverandørane til å auke levetida i sjø.
– Mens fortøyingsprodusentane tidlegare sette ei levetid på alle komponentane i fortøyinga, har dei no byrja differensiera mellom dei ulike komponentane. Det opnar for at vi kan gjere utskiftingar av enkeltkomponentar, og på den måten forlenge brukstida på heile fortøyinga, forklarer Sæverud.
Både han og Helgesen opplever at heile oppdrettsavdelinga er blitt meir miljøbevisst dei siste 5-10 åra. Eitt resultat av dette er auka fokus på å reparere eksisterande utstyr.
– Terskelen for å kjøpe nytt er blitt mykje høgare. Vi er langt meir proaktive med levetidsforlengingar, noko som gagnar både miljøet og økonomien, meiner dei. •