Lønnsemd

God biologisk produksjon er ein grunnføresetnad for eit lønnsamt oppdrettsselskap. Vi arbeider difor målretta for å styrke fiskehelsa og -velferda. Vi produserte sjølv over 2 600 tonn laks på land, og medrekna deleigde produksjonsanlegg nådde vi nesten 5 000 tonn. På sjø var nettotilveksten på over 26 000 tonn, medan vi slakta meir enn 50 000 tonn laks i rund vekt i Kvednavikjo.
Veterinær Anne Alina Krüger Sandvik og resten av Bremnes Seashore arbeider målretta for å styrke fiskehelsa og -velferda.

Råvareprisar og skattlegging utfordrar lønnsemda

Vi har sett høge lakseprisar gjennom året. Likevel la først koronapandemien og så Russland sin invasjon av Ukraina press på råvareprisane, og særleg har fôr- og energiprisane auka produksjonskostnadene våre. I tillegg gjorde langsiktige kontraktar til lågare prisnivå enn den daglege marknadsprisen og biologiske utfordringar i sjø at konsernresultatet blei skuffande sett i lys av prisutviklinga på råvarene.

Den markante auken i skattlegginga av næringa fører til nedskalerte, utsette og avlyste investeringar som skulle gi ei meir berekraftig akvakulturnæring med større biologisk og miljømessig kontroll over produksjonen. Ei vesentleg skjerping av verdifastsettinga av havbruksløyve for privateigde selskap, auka satsar for formue- og utbytteskatt, produksjonsavgift og grunnrenteskatt gir eit samla skattetrykk som utfordrar lønnsemda og framtidsplanane til akvakulturnæringa.

Det raude trafikklyset i produksjonsområde 3 fekk effekt frå desember 2022, og utgjorde for Bremnes Seashore ein reduksjon tilsvarande nesten ein standardkonsesjon på 780 tonn. Vi arbeider både for å betre kunnskapen om situasjonen i området og med strategiar for å redusere lusebelastninga som vår produksjon bidrar til.

Årsresultatet etter skatt i 2022 enda på 134,2 mill. kroner, av ei rekordhøg omsetning på 6 284,8 mrd. kroner. Omsetninga er ei auke på 19,7 prosent samanlikna med 2021, mykje som eit resultat av prisutviklinga på råstoffet.

0
tonn

SALMA og BÖMLO

Rekordnivå på totalvolum for merkevarene SALMA og BÖMLO.
0%

Overleving i sjøfasen

Konsernet har høgare overleving av lakseindivid enn gjennomsnittet, men målet vårt er 95 % overleving i sjøfasen.

Utfordrande biologi – med lyspunkt

Produksjonen i sjø fekk ein utfordrande start på året, med høgt lusetrykk, biologiske utfordringar og forsering av slakting som følgje av ILA-påvising. Dette gjorde at vi hadde låg biomasse i sjø og relativt låg produksjon fram til sommaren. Frå seinsommaren og ut mot hausten bygde vi opp biomassen med god tilvekst, generelt god fiskehelse og låg dødelegheit. Mot slutten av året gjorde redusert lusetrykk at vi gjekk ut av 2022 med tilnærma full konsesjonsutnytting.

Bakteriesjukdomen pasteurella har påverka oss sterkt i 2022, der sjukdomen i større grad enn tidlegare har vore dødsårsak – spesielt i sommarhalvåret. I tillegg har maneter ført til dødelegheit, der over 30 000 laks døydde på grunn av perlesnormaneter ved lokaliteten Gissøysundet. Maneten er i tillegg observert ved fleire andre lokalitetar gjennom året.

Det høge lusetrykket i produksjonområda er utfordrande, og våre tilsette har gjort ein stor innsats for å behandle laksen mot lus til rett tid. Vi har i tillegg fått god nytte av vår satsing på større behandlingskapasitet gjennom brønnbåten MS «Ronja Vest», som vi leiger saman med Bolaks.

Lokaliteten Apalvikneset i Hardanger viste i 2022 at utsett av større smolt kan gi svært kort produksjonstid og gode resultat. Her vaks fisken til slaktevekt i løpet av berre eit halvt år i sjøen.

Fleire lokalitetar har levert svært gode resultat, og Apalvikneset i Hardanger har vist at større smolt kan gi svært kort produksjonstid og god produktkvalitet. Eit parti laks, der smolten blei sett ut i sjø med snittstorleik på 1 171 gram, blei sett ut i midten av mars. Allereie i slutten av september nådde laksen slaktevekt på rett under fem kilo. Generasjonsoverlevinga var på heile 98,5 prosent. Laksen var i tillegg av svært høg kvalitet, og 96 prosent blei klassifisert i den høgaste kategorien ved slakteriet – superior.

Samla sett overlevde 82,5 prosent av fisken i 2022, ein reduksjon frå 85,5 i 2021. Vårt langsiktige mål er å auke overlevinga til 95 prosent, og vi arbeider målretta for å nå dette målet. Gjennom fleire forskings- og utviklingsprosjekt bidrar vi til utviklinga av næringa, og vi hadde gjennom 2022 FoU-konsesjonar i drift ved lokalitetane Hattasteinen og Holevik.

0 kg antibiotika brukt

Bremnes Seashore brukte sist antibiotika i 1992.

395 avlusingsoperasjonar

Behandling av lakselus har kravd store ressursar i 2022.

Utbygging for meir verdiskaping

Strategien til Bremnes Seashore legg vekt på auka foredling og verdiskaping av kvalitetslaksen vår. For å oppnå dette er det sett i verk mange tiltak ved slakteriet i Kvednavikjo, der bygging av nytt kjølebygg og ombygging av eksisterande kjølebygg til utvida foredling står sentralt.

Gjennom 2022 har utbyggingsprosjektet blitt synleg i terrenget, med utviding av innseglinga for større brønnbåtar til Øklandsvågen, omfattande grunnarbeid på oppstillingsplassen for lastebilar, bygging av nytt servicebygg og riving av det gamle foredlingsbygget. Samstundes har drifta gått som normalt med slakting, pakking, foredling og utkøyring av laks kvar dag.

Det nye servicebygget har gitt fasilitetar for viktige funksjonar ved ein større produksjon i framtida, der industrivernet har fått tidsriktige lokale, logistikkavdelinga har fått større areal til postmottak og lager, og sjåførane har fått svært gode fasilitetar.

Bygginga av nytt kjølebygg og servicebygg, og ombygging av eksisterande kjølebygg, står sentralt i satsinga på auka foredling ved slakteriet i Kvednavikjo. Gjennom 2022 har utbygginga sett spor i terrenget.

Det nye kjølebygget og ombygging av dagens kjølebygg til foredlingslokale legg til rette for betydeleg større og meir automatisert produksjon og meir effektiv logistikk, noko som vil gi oss moglegheit til å auke foredlinga av råstoffet vårt i framtida. I tillegg har vi investert i nye maskinar i foredlingsavdelinga som automatiserer arbeidsoperasjonane og bidrar til betre fysisk arbeidsmiljø ved avdelinga.

Kompliserte utbyggingsprosjekt er utfordrande nok i seg sjølv – men det blir ikkje lettare av at bygginga skjer på eit fabrikkområde der vi skal levere frå oss laks kvar einaste arbeidsdag. Mange tilsette har difor lagt ned eit stort koordineringsarbeid for at vi har klart begge delar. Vi slakta gjennom året over 50 000 tonn laks i rund vekt, frå Bremnes Seashore, Bolaks, Fremskridt og andre oppdrettarar. Vi sette også ny rekord då vi i 2022 produserte 88 tonn filet i ei førjulsveke.

Sjór selde totalt 65 486 tonn lakseprodukt frå Kvednavikjo og andre slakteri, medan Salmon Brands omsette1 685 tonn. Merkevarene våre SALMA og BÖMLO omsette på rekordnivå, med eit totalvolum på nesten 5 000 tonn ferdigvarer, noko som kravde tilsvarande 31,2 prosent av heile slaktevolumet til konsernet i 2022.•

Bremnes Seashore er medlem i:

Nærare informasjon finn du her: Biologi og produksjon