Suksess i Frankrike & Sveits
SALMA blir i dag selt i heile sju av dei åtte største daglegvarekjedene i Frankrike, og i to av dei tre største kjedene i Sveits. I tillegg kjem avtalar med ei rekke grossistar. Resultat: Den største eksportmarknaden for SALMA.
– Ingen andre norske selskap har kontrakt med så mange forhandlarar i Frankrike. Her har det franske temaet vårt lagt ned ein fantastisk innsats, rosar Johnny Håberg, eksportdirektør for SALMA.
Elskar røykt SALMA
Det er langsiktig og målretta arbeid frå eit stabilt og godt team som ligg bak suksessen, avslører Emeric Machurot, leiar for Salmon Brands i Frankrike. Han fortel at det fort tar to-tre år med forhandlingar for å inngå ein avtale med ei av dei store daglegvarekjedene.
– At vi dei siste åra har fått direkte avtale med dei store forhandlarane, er vår største prestasjon. I tillegg har vi òg greidd å utvida talet på produkt vi får selje hos kvar forhandlar, fortel Machurot.
Røykt SALMA -loin har på få år blitt ein storseljar. Sidan lanseringa i 2019, har teamet nesten dobla salsvolumet kvart einaste år, med det resultat at franske kundar i fjor kjøpte halvparten av heile produksjonen av røykt SALMA.
Eit anna produkt som sel godt, er 160-gramspakningen med SALMA loin. Den blei spesialutvikla for den franske marknaden. Her er SALMA eit høgt prisa premiumprodukt og noko folk kjøper når dei skal unne seg litt ekstra luksus.
– Forbrukarane ønsker i stor grad fast pris på dyre varer, og 160-gramspakningen er eit svar på det. Den har blitt svært godt mottatt hos kundane sidan lanseringa i 2020, fortel Machurot, som saman med Håberg rettar ei takk til utviklingsavdelinga på Bømlo som tok fram den franske spesialversjonen.
Det er langsiktig og målretta arbeid frå eit stabilt og godt team som ligg bak suksessen.
Emeric Machurot • Country Manager, Salmon Brands
Solid fotfeste i Sveits
Etter eit 2021 med stor vekst, opplevde heile daglegvarebransjen i Frankrike ein stor nedgang i sjømatsalet då folk byrja gå på restaurant igjen i 2022. Trass i denne trenden, lukkast Salmon Brands likevel med å halde salsvolumet oppe på same nivå som i 2021. Den største milepålen i 2022 var nok likevel det solide fotfestet SALMA fekk i nabolandet Sveits. Der inngjekk Salmon Bands SALMA avtalar med to av dei tre største daglegvarekjedene, som til saman har over 80 prosent av marknaden.
– Sveits har eit enormt potensiale. I løpet av nokre år kan vi håpe å selje like store volum i Sveits som i Frankrike. Sveitsarane har nemleg langt større kjøpekraft enn vi har her i Frankrike, konsentrert på eit lite geografisk område, påpeikar Machurot.
Han har med seg ein salsadministrasjon på tre tilsette på hovudkontoret i Paris, medan fem regionale seljarar jobbar ute i felten. Ein sentral del av jobben deira er å organisere dei 800-1000 årlege produktdemonstrasjonane i super- og hypermarknader rundt om i landet. Det er nemleg ute i butikkane marknadsføringa og merkevarebygginga av SALMA skjer.
– Det er viktig å la forbrukarane få smake SALMA, så dei forstår kva dei betalar for. Og når dei har smakt det beste, vil dei ha det beste, smiler Håberg og Machurot.
Å prøve å selje fisken gjennom lovnader om laks i «verdsklasse», fungerer derimot dårleg. Verdsklasse er ganske enkelt ikkje godt nok for kresne franske ganar, forklarer Machurot. I staden bygger han og teamet opp merkevara SALMA med bodskapar om familiebedrifta på Bømlo, handlaga produkt og miljøvenleg og berekraftig oppdrett – noko både forhandlarane og forbrukarane er opptekne av
– Det at vi er ein motsats til den industrielle lakseproduksjonen til store gigantkonsern, er grunnen til at vi er å finne i dei store franske kjedene, fastslår Machurot. •