Takk for maten!
Etter kjekke og lærerike år med ferie- og helgejobbing i oppdrettsavdelinga vår, var yrkesvegen staka ut for trillingbrørne Espen (t.v) og Stian Knutsen frå Tysvær. Etter ein bachelorgrad i havbruksdrift og leiing, gjekk Stian rett i fast jobb hos oss i 2020. Først nokre månader som driftsoperatør, sidan som driftsleiar. Espen tok ein mastergrad i fiskeri- og havbruksvitskap, og byrja som produksjonskoordinator hausten 2022.
– Som driftsleiar har eg ein fin balanse mellom kontorarbeid og ulike praktiske oppgåver knytt til fisken, fiskevelferda og alt det tekniske ute på anlegget. Det varierte arbeidet er det beste med jobben, fortel Stian frå havgapet vest av Bømlo – der den blide, målretta og nysgjerrige karen har vore driftsleiar på lokaliteten Gissøysundet sidan 2022.
Frå kontoret i Øklandsvågen er broren Espen med på å koordinere oppdrettsproduksjonen på alle lokalitetane til konsernet.
– Målet vårt er alltid å utnytte fisken best mogleg. Det krev mykje planlegging og kontinuerleg kontroll på produksjonen i sjøen. Kor stor er fisken? Kor mange er det i nøtene? Korleis er tilveksten? Kva tid skal vi slakte? Vurderingar og rapportering rundt slike spørsmål er typiske arbeidsoppgåver for meg, i tillegg til oppdatering av informasjon i planleggingsverktøyet Mercatus og innhenting av produksjonsdata til dei mange sertifiseringane vi er i gang med, fortel den blide, positive og arbeidsvillige 25-åringen.
Det Espen likar aller best, er at han får ta del i mykje forskjellig.
– Som nyutdanna og fersk i bransjen er det nyttig med innsikt i fleire delar av oppdrettsavdelinga. Eg lærer masse frå mange dyktige og kjekke kollegaer, og føler meg heldig som får eit så breitt innblikk i ulike delar av drifta.
– Jobben min går ut på å drifte anlegget, noko som inkluderer fòring, sjekk av vasskvalitet, -temperatur og snittvekter, sortering og teljing av fisken, vaksinering og reingjering – for å nemna litt. I tillegg er eg med i ei ressursgruppe som oppdaterer prosedyrane våre på tvers av dei tre settefiskanlegga i konsernet, og eg er verneombod for alle desse anlegga, fortel Gunn.
Den positive, pliktoppfyllande og hjelpsame bømlingen byrja i konsernet som tilkallingsvikar ved vaksinering i 2011. Arbeidet fall i smak, og i 2012 fekk ho fast jobb som driftsoperatør i Skålevik.
– Eg elskar jobben. Det er fantastisk å sjå yngelen vekse og trivast hos oss, og eg møter fantastiske kollegaer og mange andre kjekke folk frå andre delar av konsernet. Det er òg givande å vere med på å utvikle ei bedrift gjennom å bidra til dei gode produkta våre. Og utan oss i startfasen av produksjonen blir det verken SALMA eller BÖMLO, minner Gunn om.
– Jobben min handlar først og fremst om å sørge for god flyt og kvalitet på fisken på den siste ferda frå båt, tank eller ventemerd til bløgging, og vidare inn i pakkeriet. Arbeidsoppgåvene kan vera alt frå å fylle inn ledige plassar i produksjonslinja dersom operatørar er vekke, til å løyse tekniske utfordringar som oppstår. Nokre dagar er rolege, andre meir travle, fortel den positive, tolmodige og forståingsfulle bømlingen.
Han begynte som produksjonsmedarbeidar i Bremnes Seashore i 2000. Etter det har han hatt ulike posisjonar i pakkeriet og på ventemerda, og han har vore prosessoperatør og linjeleiar. Formann for opptak ogpakkeri blei han i 2022.
– Det beste med jobben min er dei dyktige og kjekke kollegaene mine. Saman utgjer me eit godt team som samarbeider veldig godt. Det er viktig på ein arbeidsplass.
Frå kontoret i Oslo har logistikksjef Gry kontroll på heile vareflyten til SALMA.
– Hovudfunksjonen min er å passe på at sluttkundane våre rundt om i verda får leveransane sine til rett tid. I tillegg er det ein del prognosearbeid og oppfølging for å sikre at SALMA-produksjonen oppfyller bestillingane vi har fått. Eg har òg ansvaret for sertifiseringane til Salmon Brands, fortel den løysingsorienterte, positive og endringsvillige 47-åringen.
Ho kom til stillinga og konsernet i 2019, etter ti år som logistikksjef for Bergans. På kontoret er ho kjent for viljen til å ta i eit ekstra tak når andre har fri.
– Det beste med jobben min er definitivt kollegaene. Det er spennande og utfordrande å jobbe med så mange dyktige menneske, og det er spennande å jobbe i ei så viktig næring som oppdrett – med ei rekke viktige prosjekt som skal gjennomførast.