Folk
Compliance og forretningsetikk
Kulturen vår er bygd på verdiane utvikling, truverd og arbeidsglede, og hos oss er det også viktig korleis vi skaper resultat – ikkje berre verdiane resultata i seg sjølve. I 2022 blei det igangsett eit omfattande arbeid for å etablere ein felles Compliance-funksjon for heile konsernet. I samband med arbeidet har vi etablert eit overordna rammeverk for risikostyring og etterleving av lovar og regulatoriske krav som omhandlar drifta vår i alle ledd.
Bremnes Seashore-konsernets arbeid med Compliance er forankra i konsernstyret. Vår oppdaterte Code of Conduct – eller etiske standard – blei implementert i organisasjonen i 2022. Standarden er utarbeidd i samråd med Advokatfirmaet Schjødt AS, og definerer dei fire etiske grunnprinsippa integritet, ansvar, openheit og medarbeidarskap – som er styrande for konsernets framferd. Tilsette går gjennom eit årleg opplæringsløp i den etiske standarden.
FN sine rettleiande prinsipp for næringsliv og menneskerettar, OECD sine retningsliner for fleirnasjonale selskap og regjeringa sine forventingar til ansvarleg næringsliv ligg til grunn for vår Code of Conduct, og det same gjer internasjonalt anerkjende menneskerettsstandardar, ILO sine kjernekonvensjonar og arbeidsmiljølova.
Vi har nulltoleranse for økonomisk og miljømessig kriminalitet og korrupsjon. Vi gjennomfører aktsemdsvurderingar for eiga drift og for forretningsforbindelsar, og vi har utarbeidd ein særleg Code of Conduct for våre forretningsforbindelsar. Eigne prosedyrar ligg til grunn for val av forretningsforbindelsar og oppfølging av brot på menneskerettane hos forretningsforbindelsane våre.
Konsernet har prosedyre for varsling, både frå tilsette og frå eksterne interessentar, og det er oppretta eit eksternt varslingsmottak gjennom revisjons- og rådgjevingsselskapet Ernst & Young AS. Det er ikkje registrert varslingssaker i konsernet i 2022.
Utgreiing om aktsemdsvurderingar etter openheitslova § 5, finn du her.
Vi styrker kompetansen
Gjennom kompetanseheving skal vi styrke konsernet vårt. Mange tilsette i heile organisasjonen deltek difor i målretta opplæringsløp.
Gjennom året deltok 24 motiverte tilsette i to ulike grupper av eit felles leiartreningsprogram i konsernet. Målet er å bygge ein felles kultur i konsernet og å utvikle leiarar som bidrar til ein selskapskultur i tråd med våre verdiar. Samtidig gir programmet moglegheiter for personleg utvikling og legg grunnlaget for intern rekruttering til leiarstillingar.
Vi hadde 15 lærlingar og ein praksiskandidat i konsernet i 2022. Fem av desse avslutta læretida i løpet av året. To lærlingar fekk fast arbeid i konsernet, samtidig som fem nye lærlingar kom til oss, fire innan akvakultur og ein lærling i automasjon.
Ph.d.-kandidat
24 i leiartrening
15 lærlingar
Bremnes Fryseri tilbyr opplæring i alle nivå og utviklar kompetansen.
Ein tilsett arbeider med Ph.d-graden sin gjennom nærings-Ph.d-ordninga til Forskingsrådet, og tre tilsette deltok i eit Executive Master-program ved Handelshøgskulen BI. To representantar for konsernet var del av NCE Seafood Innovation sitt sirkulærøkonomiprogram, og seks tilsette var knytt til organisasjonen sitt «Seafood Next»-program. Seks personar har tatt del i kompetanseprogrammet «Blå åker» i samarbeid med Høgskulen på Vestlandet og Ryfylke IKS.
Helse, miljø og sikkerheit
Ein levande og innarbeidd HMS-kultur står sterkt i Bremnes Seashore-konsernet. Dei tilsette har peikt ut to hovudverneombod og tolv verneområde med eigne verneombod. Arbeidsmiljøutvalet har halde fire møte i 2022.
Under «Trygt Heim»-paraplyen har konsernet arbeidd målretta for å understreke fokuset på arbeidstryggleik for dei tilsette. Vi har som mål å skape ein kultur der dei tilsette tek ansvar for både eiga og andre si sikkerheit.
Arbeidsmiljøutvalet har peikt på at gode haldningar i seg sjølv ikkje er nok, og haldningane må speglast i at vi handlar på riktig måte. I 2022 fekk alle tilsette delta i eit opplæringsprogram som styrkar det personlege ansvaret for trygge handlingar og korleis vi er gode sikkerheitsambassadørar i verksemda. Programmet er leia av Teddy Broadhurst og Torleif Lundqvist.
Sjukefråværet var i
2022 på 6,5 prosent
Konsernet har ein nullvisjon om arbeidsrelaterte skadar. Eit viktig tiltak for å nå dette målet er at tilsette melder inn sikkerheitsobservasjonar frå arbeidskvardagen. Slik kan vi avdekke farlege tilhøve og korrigere før nokon blir skadde. Arbeidsmiljøutvalet har sett mål om to sikkerheitsobservasjonar per tilsett kvart år. I 2022 blei det meldt inn 873 sikkerheitsobservasjonar – noko som utgjer 1,81 observasjonar per tilsett. H-verdien, ein fråværsskadefaktor, enda på 19,1 – ei auke frå 13,7 i 2020.
Konsernet hadde i 2022 eit sjukefråvær på 6,5 prosent, ein oppgang frå 5,8 prosent i 2021.
Likestilling og mangfald
Havbruksbransjen er i hovudsak ei mannsdominert næring, noko kjønnsbalansen i konsernet også speglar. Fleire kvinner har dei siste åra søkt seg til oppdrettsnæringa, sjølv om mange av arbeidsplassane innan næringa og fiskeindustrien er prega av å vere mannsdominerte yrker. Dette ser vi også igjen i kjønnsbalansen i konsernet, der talet på kvinner har auka innan fleire område dei seinare åra. I 2022 er no 39 prosent av dei tilsette kvinner. Vi ser også fleire kvinner som søker seg inn til vidaregåande og høgare utdanning retta mot næringa.
31,6 % kvinner i leiarstillingar
For å jamne ut kjønnsbalansen og hindre diskriminering jobbar vi kontinuerleg for å få eit likestilt, inkluderande og mangfaldig arbeidsmiljø. Vi samarbeider blant anna med NAV gjennom «Vi inkluderer» for å tilsette personar som har utfordringar med å komme seg inn i arbeidslivet eller som har nedsett funksjonsevne. Vi har ein profesjonell rekrutteringsprosess der vi bruker anerkjende rekrutteringsverktøy og har rutinar som skal bidra til likestilling mellom kvinner og menn og hindre anna diskriminering.
Vi hadde ei større omorganisering i konsernet i 2022, noko som også medførte fleire kvinner inn i øvste leiinga. For å auke delen kvinner i leiarroller har vi også fastsett eigen målsetning om dette som ein dei viktigaste berekraftsmålsetningane våre. Ved utgangen av 2022 var 31, 6 prosent av leiarar på dei to øvste nivåa i konsernet kvinner.
Vidare jobbar vi aktivt for å få fleire kvinner inn i leiarprogram og andre kompetanseutviklingsprogram, slik at vi også på dette viset aukar rekrutteringsgrunnlaget for framtidige kvinnelege leiarar.
Vi har tilsette frå 26 ulike nasjonalitetar. Særleg innan fiskeindustrien er det eit stort mangfald i arbeidsflokken. God språkforståing blant dei tilsette er viktig for å sikre eit godt og trygt arbeidsmiljø. God språkforståing er også avgjerande for den enkelte medarbeidar sin trivsel og føresetnad til å kunne utvikle seg internt i selskapet og slik kunne ta på seg nye og meir utfordrande arbeidsoppgåver, samt også leiarroller. Vi tilbyr derfor gratis norskkurs til tilsette som har behov for norskopplæring. Vi har også sett i gong eigne bedriftsinterne kurs i samarbeid med vaksenopplæringa gjennom tilskotsordninga «Kompetansepluss», for å styrke dei tilsette sine ferdigheiter i norsk språk.
Konsernet har tilsette frå 26 ulike nasjonalitetar
Utgreiing etter likestillings- og diskrimineringslova § 26 a, finn du her.
Interessentdialog og sponsorarbeid
Bremnes Seashore-konsernet legg vekt på ein positiv og open dialog med naboar og andre interessentar i vår drift og produksjon. Interessentmøte er ein sentral del av ASC-sertifiseringa av oppdrettslokasjonane våre. I løpet av 2022 arrangerte vi nabomøte for lokalitetane Hesbygrunnen, Prestholmane, Holevik, Breivik og Trovåg.
Gjennom sponsorarbeidet ønsker vi å bidra til livskraftige og mangfaldige lokalsamfunn der vi har drifta vår. Dei ordinære tildelingane til lag og organisasjonar skjer to gonger årleg, kor målet er å dele ut 1 mill. kroner.
2,6 millionar kroner
i sponsormidlar
I tillegg har vi vore sponsor for mange store og små kultur- og idrettsarrangement i lokalsamfunna, mellom anna Sunnhordland Maraton, Kanaldagane i Kuleseidkanalen, Mostraspelet og Tomatfestivalen på Finnøy.
I 2022 blei det totalt delt ut over 2,6 mill. kroner til lag og organisasjonar i kommunane Bømlo, Stavanger, Strand, Sveio, Ullensvang og Vindafjord. •