Jakta på nyresteinen
Dei siste åra har lakseindustrien både i Noreg og utlandet sett ein auke i tilfelle av nyrestein (nefrokalsinose) hos atlantisk laks. Tilstanden er kjenneteikna ved at det oppstår forkalkingar i blodranda (nyrene) til settefisk i ferskvassfasen, men det finst i dag lite kunnskap om kvifor forkalkingane oppstår. Det prøver biolog Inger Lise Breivik og tre av kollegaene på Bremnes Seashore sitt settefiskanlegg i Trovåg å gjere noko med. I 2018 starta dei eit forskingsprosjekt som skal finne årsaka til nyresteinstilfella.
– Betre fiskehelse og-velferd er målet
– Målet med forskinga er først og fremst å betre fiskehelsa og -velferda, slik at vi leverer frå oss ein friskare og endå meir robust smolt. Dei positive følgene dette har for tilveksten og den vidare produksjonen i sjø trur eg er kjempeviktige, seier Breivik.
Det er eit skikkeleg puslespel ho og kollegaene har gitt seg i kast med, og det heile byrja med kartlegging. Kor mykje av fisken er råka? Kva er alvorsgraden på tilfella?
– Vi ser over tid at omfanget varierer mykje mellom dei ulike fiskegruppene vi har i anlegget. Somme grupper har mykje nyrestein, andre mindre. Vi ser òg at alvorsgraden varierer ein heil del – frå dei mildaste til dei mest alvorlege tilfella – og at ein del fisk med milde symptom greier å reversere tilstanden når han kjem i sjø, fortel biologen.
Manglar den raude tråden
Etter kvart har ho og teamet utvida forskinga med historiske undersøkingar, dei har sjekka timinga på smoltifiseringa, og dei har analysert alt frå røntgenbilde til vass-, blod- og vevsprøvar. Det vesle dei har funne av relevant litteratur er saumfart, og teamet har innleidd samarbeid med fagekspertise ved NORCE, Universitet i Bergen og Nofima.
– Både eigne undersøkingar av alle settefiskanlegga til Bremnes Seashore, og tilsvarande forskingsprosjekt utført av andre, stadfestar at settefisken får nyrestein både i gjennomstrøymingsanlegg og i RAS-anlegg. Dette kan tyde på at typen anlegg, og skilnader mellom dei i vasskvaliteten, ikkje er den raude tråden vi er på jakt etter, fortel Breivik.
Analysar av nyresteinar funne i fisk frå Trovåg viser at dei i hovudsak består av kalsiumfosfat – der det er lite kalsium og mykje fosfat. Her kan høgt CO2-innhald i kara vere ein medverkande årsak, men Breivik trur ikkje det er hovudårsaka. Frå fôrprodusentar har ho fått opplyst at dei ikkje har gjort vesentlege endringar i fosforinnhaldet i fiskefôret i seinare år.
Kunnskapsdeling er nøkkelen om bransjen skal lukkast i jakta på nyresteinen.
Inger Lise Breivik • biolog
– Derimot ser vi at frå 1990 til 2020 så er mengda fiskeolje og fiskemjøl i fiskefôret redusert frå 90 til 22 prosent. Kan dette ha noko å seia, spør Breivik seg.
– Kunnskapsdeling er nøkkelen
Status ved årsskiftet er at nyrestein framleis er ei utfordring.
– Vi har ikkje nokon fasit, og personleg trur eg det er fleire faktorar som spelar inn. Per i dag er hovudhypotesen min at årsakene kan ligge i smoltifiseringa, at det er stressrelatert, og at kanskje fôrsamansettinga spelar inn, forklarer Breivik.
Og ein ting er sikkert: Ho gir seg ikkje.
– Eg stoppar ikkje før vi har eit svar! Vi har enorme mengder data som kan analyserast vidare, men då skulle eg gjerne hatt ein dyktig statistikar med på laget.
Om det er Trovåg-teamet eller andre miljø som til slutt knekkerer koden, betyr mindre for biologen. Derfor deler ho gladeleg informasjon om eiga forsking med andre forskings- og fagmiljø.
– Kunnskapsdeling er nøkkelen om bransjen skal lukkast i jakta på nyresteinen, meiner Breivik. •