Kvalitet
ASC-sertifisering stadfestar kvalitetsstandarden vår
Aquaculture Stewardship Council (ASC) er verdas leiande sertifiseringsordning for akvakultur – og ASC-merket finst berre på mat frå anlegg som har blitt uavhengig vurdert og sertifisert som miljømessig og sosialt ansvarlege. Gjennom 2022 fekk seks nye lokalitetar beviset på at dei blei ASC-sertifiserte for første gong, og totalt har vi no sju sertifiserte lokalitetar. Planen er ei vidare innføring av ASC på sjølokalitetane våre. Slakteriet i Kvednavikjo, Sjór og Salmon Brands har alle ASC «Chain-of-Custody»-sertifisering.
Sertifiseringa stadfestar at arbeidet vi har gjort på lokalitetane gjennom lang tid er av høg standard. Samtidig må vi strekke oss og utfordre oss sjølve for å oppnå sertifiseringa.
Vi held også fast på sertifikata våre frå GLOBAL G.A.P: og BRC, som har vore med oss i ei årrekke.
Sju lokalitetar ASC-sertifiserte
Gjennom 2022 fekk vi ASC-sertifisering på seks nye lokalitetar, slik at konsernet no har totalt sju sertifiserte lokalitetar.
Mattryggleik er grunnleggande
Trygg mat er grunnleggande i Bremnes Seashore-konsernet. Vi har strenge rutinar for hygiene i produksjonen og eit eige arbeidslag sørgjer for at lokala blir grundig reingjorde mellom kvar produksjonsdag. Vi testar produksjonsmiljøet og produkta for bakteriar, og frigir ikkje produkta til kundane før vi har fått tilbake testresultat som er i tråd med myndigheitskrav og våre interne grenseverdiar – som er endå strengare.
Første Ikejime-slakteriet i Norge
I juni blei slakteriet i Kvednavikjo ikejime-sertifisert. Ikejime er ein gamal japansk metode for å ta livet av fisk og oppretthalda kvaliteten på fiskekjøtet. Opphaveleg handla metoden om å bruke eit instrument som liknar ein pigg for å ta livet av fisken og ei nål inn i ryggraden for å stoppe vidare muskelrørsler. Målet med denne tradisjonelle metoden var å hindre at adenosintrifosfat i muskelen blei brukt opp, slik at mjølkesyre og ammoniakk ville bli danna og fileten blei sur, blaut og fekk dårleg smak. Slaktemetoden ikejime gjorde at dette ikkje skjedde og sikra at blodet samla seg i bukhola, slik at fileten fekk rett farge og god smak. Ikejime har blitt sett på som den raskaste og mest humane måten å ta livet av fisk på.
Våre forskingsresultat med høg energi i laksemuskelen, gode pH-verdiar i fiskekjøttet og lågt stressnivå før avliving av laksen, saman med vår metode for avliving av fisk, gjorde at revisor Takeshi Yamagishi Ikejime-sertifiserte slakteriet vårt i Kvednavikjo. Han var imponert over kvalitetsstandarden på laksen vår, kompetansen til våre tilsette og gløden vår for fiskevelferd og produkt. Bremnes Seashore er det første lakseslakteriet i Norge som er Ikejime-sertifisert.
Japansk sertifisering
I juni blei slakteriet vårt i Kvednavikjo det aller første norske lakseslakteriet med Ikejime-sertifisering. Ikejime er ein gamal japansk metode for å ta livet av fisk og oppretthalde kvaliteten på fiskekjøtet.
Nye smakar til SALMA-laksen
I 2022 lanserte vi tre nye sausar til SALMA: SALMA Ponzu Original, SALMA Ponzu Ginger og SALMA Glaze Ginger Teriyaki.
Nytt tilbehøyr til SALMA-laksen
Vi ønsker at det skal vere enkelt å lukkast med å lage gode rettar av SALMA-laksen, og introduserte difor to nye typar tilbehøyr til matlaginga. SALMA Ponzu eignar seg godt til rå SALMA-laks i sushi, sashimi og Poke bowls, medan SALMA Glaze gir ekstra smak til steikt eller omnsbakt SALMA.
Frosen BÖMLO lansert i London
Superfrosne produkt har peikt seg ut som positivt for fraktrelatert klimaavtrykk og for reduksjon i matsvinn. Problemet er at det har vore vanskeleg å finne gode eksempel på at andre har lukkast med å oppnå rett pris på frosne produkt i marknaden.
Senior Sales Manager Jens Olav Sortland har ivra for å få testa eit slikt produkt i marknaden, og fann den rette testkunden i Tazaki Foods i Storbritannia. No er produktet i salg i London.
Den frosne laksen vår er lansert under Yutaka-merket til Tazaki Foods. Produktet er merkt med BÖMLO og byggjer på våre kvalitetsfortrinn og vår kvalitetshistorie. I noverande fabrikk har me ikkje rom for å lage større volum av slike produkt, men i framtida kan dette vere ein del av løysninga for både produksjonsoptimalisering og nye klimavenlege former for logistikk.
Sashimisalat med SALMA® PONZU. Denne og fleire oppskrifter finn du på salma.no
Superfrosen laks under merket Yutaka med sushi- og sashimi-kvalitet.
Meir kunnskap om melanin
Melanin er mørke flekkar som kan finnast i laksekjøtet, og som reduserer utnyttinga av råvara vår. Saman med NCE Seafood Innovation Cluster inviterte vi lakseprodusentar, forskarar og leverandørar til konferanse på Bømlo 20. juni. Målet var å oppdatere kvarandre på status og saman peike ut vegen vidare i forskingsarbeidet.
Melaninproblemet er samansett. Det finst ikkje noko einskildårsak, og aktørane var einige om å arbeide vidare etter tre spor: fôr og ernæring, handtering og oksygentilførsel. •