Compliance-avdelinga

Sikrar «orden i sysakene»

Konsernet har i 2022 gitt compliance-arbeidet eit skikkeleg løft. – Compliance handlar om selskapsstyring – å følge reglar, ta ansvar og redusere risiko. Enkelt forklart er målet å sikre at konsernet har orden i sysakene, fortel Silje Kathrine Alvsvåg, leiar for den nyoppretta compliance-avdelinga.
Mykje av arbeidet vårt er det same vi har gjort før, så no handlar det mest om å sikra at rammeverket er oppdatert og likt i alle delar av konsernet, seier Group Compliance Manager Silje Alvsvåg.

Bremnes Seashore-konsernet skal ikkje berre sette standarden for kvalitetslaks. Selskapet ønsker óg å vere eit føregangsselskap innan compliance – eller etterleving som det blir kalla på norsk. I 2022 gjennomførte konsernet derfor fleire tiltak for å styrke og samkjøre compliance-arbeidet på tvers av heile verksemda.

– Ein ressurs for heile konsernet

– Compliance er ein viktig del av å gjere forretningar. Det bidrar til å sikre at vi opererer på ein etisk og ansvarleg måte, reduserer risiko, beskyttar omdømet vårt og reduserer kostnadene med forretningsdrifta. Heilt enkelt forklart handlar det om å sikre at vi alltid gjer det vi seier vi gjer, forklarer Silje Kathrine Alvsvåg.

Ho leiar den nye compliance-avdelinga som blei oppretta og bygd opp i 2022. Avdelinga består i dag av ti tilsette som jobbar med kvalitet, HMS og kvalitetskontroll (QMS). Saman skal dei sørge for at rammeverket for styringa og drifta i konsernet er på stell i form av risikovurderingar, opplæring og prosedyrar.

– Vi skal vere ein støttefunksjon og ressurs for drifta, og fungerer på tvers av heile konsernet. Mykje av arbeidet vårt er det same vi har gjort før, så no handlar det mest om å sikre at rammeverket er oppdatert og likt i alle delar av konsernet. Samordning av dei ulike kvalitetssystema i konsernet er eksempel på eitt slikt tiltak, fortel Alvsvåg.

Etablerte etisk standard

Alvsvåg meiner det er viktig å bygge ein felles kultur og forståing for compliance og forretningsskikk i konsernet. Det store løftet i 2022 var utarbeidinga av ein ny Code of Conduct – den etiske standarden vår.

– Code of Conduct er eit verktøy som skal hjelpe oss å ta gode etiske avgjerder. I denne etiske standarden kan vi hente råd og rettleiing i val vi må ta og situasjonar vi kjem opp i, og han fortel korleis vi skal oppføre oss for sikre god forretningsskikk. Code of Conduct ligg no som obligatorisk opplæring i kompetansesystemet, og er noko alle tilsette skal sette seg inn i. Basert på den etiske standarden skal vi no òg i gang med å trene alle leiargruppene i handtering av ulike etiske dilemma, seier compliance-sjefen. Ho legg til at det i 2022 òg blei utarbeidd ein Code of Conduct for forretningsforbindelsar. Den fortel kva forventningar konsernet har til etisk og ansvarleg forretningsskikk hos samarbeidspartnarane sine.

Vurderer aktsemda – med fokus på menneskerettar og arbeidsforhold

Dei etiske retningslinjene ligg også til grunn når complianceavdelinga i 2023 gjer grundige aktsemdvurderingar av forretningsforbindelsane sine. Slike undersøkingar er eit krav i den nye openheitslova frå 2022.

– Ut frå ei risikobasert utveljing, skal vi undersøke om forretningspartnarane våre driv på ein etisk god måte. I desse vurderingane har vi eit ekstra fokus på menneskerettar og anstendige arbeidsforhold. Det vi finn ut i desse undersøkingane vil mellom anna ligge til grunn for avgjerder om kven vi skal halde fram å samarbeide med, forklarer Alvsvåg.

Aktsemdvurderingane blir òg samanfatta i ein eigen rapport – i tråd med den nye openheitslova.

– I tillegg til eigne ambisjonar, aukar dei eksterne forventingane til compliance-arbeidet vårt. Openheitslova er eitt eksempel på dette. Den skal sikre at både vi og forretningspartnarane våre har respekt for grunnleggande menneskerettar og anstendige arbeidsforhold, samtidig som lova pålegg oss ei informasjonsplikt for å sikre publikum tilgang til informasjon om korleis vi og forretningsforbindelsane handterer desse temaa. Å vere ein føretrekt samarbeidspartnar i marknaden nettopp på grunn av at vi har orden i sysakene, samsvarer med «truverd» – ein av verdiane til konsernet, seier Alvsvåg. •