Spissa fokus på felles verdikjede
Dei siste åra har vore prega av ei rivande utvikling, der Bremnes Seashore-konsernet har fått fullt eigarskap til heile verdikjeda frå smolt til høgforedla vare. For å betre samhandlinga på tvers, og legge til rette for effektive avgjerdsprosessar og auka gjennomføringskraft, delte konsernet seg i 2022 inn i nye avdelingar og støttefunksjonar – leia av ei ny og felles konsernleiargruppe.
Vi gjekk på mange måtar frå å vere fem selskap til å bli eitt konsern.
Einar Eide • visekonsernsjef, Bremnes Seashore
Frå fem selskap til eitt konsern
– 2022 var året då vi såg vekk frå juridiske einingar og definerte kjerneverksemda og behovet for støtte til drifta vår. Vi gjekk på mange måtar frå å vere fem selskap til å bli eitt konsern, oppsummerer visekonsernsjef i 2022, Einar Eide.
I den nye organiseringa er kjerneverksemda, stabsfunksjonane og to nye matrisefunksjonar tydelegare definerte (sjå organisasjonskart på neste side). Den nye konsernleiinga har ansvar for strategisk retning og oppfølging av dei langsiktige måla, kulturen og leiingsprinsippa i heile gruppa.
Dei nye matrisefunksjonane compliance og teknologi & berekraft har til oppgåve å støtte kjerneverksemda.
– Tidlegare låg like funksjonar spreidde rundt i dei ulike selskapa, noko som førte til manglande koordinering og heilskapleg fokus. Med den nye organiseringa har vi fått klarlagt roller, fokus- og ansvarsområde på ein betre måte, forklarer Eide.
Han merkar allereie gode effektar av endringane.
– Vi er framleis i startgropa, og kan sjølvsagt bli endå meir samkøyrde. Vi ser likevel at vi i større grad greier å konsentrere oss om heilskapen – den felles verdikjeda til konsernet og fokuset på kunden. Samhandlinga på tvers har blitt langt større og betre etter relativt kort tid, og vi evnar å prioritere og fokusere betre på det som er viktig for oss. Dermed aukar òg gjennomføringsevna, noko som har vore drivaren bak endringsprosessen, seier Eide.
Endringsprosessar er krevjande, og omorganiseringa har for mange vore ei påkjenning. Likevel opplever me at trivselen er god og eg registrerer at tilsette er motiverte etter endringane.
I den nye organisasjonen er det tydelegare kva roller og ansvar folk har, og det gjer det lettare å ta kontakt på tvers.
Anna-Lena Mikkelsen • QMS-sjef
– Vi spelar meir på lag
Anna-Lena Mikkelsen, den nye QMS-sjefen i konsernet, er ei av dei som har fått nye og breiare ansvarsområde etter omorganiseringa. Ho er samd med Eide:
– Eg opplever at brubygginga mellom dei ulike avdelingane våre er godt i gang, slik at vi samhandlar betre og spelar meir på lag. I den nye organisasjonen er det tydelegare kva roller og ansvar folk har, og det gjer det lettare å ta kontakt på tvers, påpeikar Mikkelsen.
Sjølv har ho bakgrunn frå og kontorplass hos Sjór, der ho tidlegare jobba i kvalitetsavdelinga. Ifølge Mikkelsen var salsselskapet litt i si eiga boble fram til i fjor, men med ny organisering måtte dei løfte blikket og tenke endå meir på korleis også Sjór kan bidra til heilskapen.
– Blikket fall då på Salmon Brands, det andre salsorganet i konsernet. Det har vore eit ønske om tettare samarbeid i begge selskap, og gjennom 2022 etablerte vi jamleg kontakt og eit mykje betre samspel der selskapa hjelper kvarandre med sine spisskompetansar, framhevar Mikkelsen.
Under felles leiing, har samarbeidet i marknadsavdelinga tatt eit langt steg framover, slik QMS-sjefen ser det.
– Vi har mange prosessar og prosjekt i gang, og det skal bli spennande å sjå gevinsten av dette arbeidet, seier Mikkelsen. •