Code of Conduct
Etisk standard for Bremnes Seashore-konsernet
Helsing frå konsernsjefen
Helsing frå konsernsjefen

Linda L. Aase • Konsernsjef, Bremnes Seashore-konsernet
Våre etiske grunnprinsipp
Den etiske standarden til Bremnes Seashore-konsernet beskriv kva som er forventa av kvar enkelt og konsernet som heilskap når vi samhandlar med kvarandre og våre interessentar. Her er våre fire etiske grunnprinsipp:

Integritet
Tillit er noko vi gjer oss fortent til – kvar dag. Vi er opne, til å stole på og handlar med integritet og ein høg etisk standard. Vi tenker langsiktig, og unngår snarvegar for å nå måla til selskapet.

Ansvar
Vi følger alltid lover, reglar og interne prosedyrar som gjeld for arbeidet vårt.

Openheit
Vi seier ifrå om vi oppdagar brot på selskapet sin etiske standard. Vi bidrar til ein open og lærande organisasjon, ved å spele inn våre forslag til forbetringar og melde frå om sikkerheitsobservasjonar og avvik.

Medarbeidarskap
Vi viser godt medarbeidarskap ved å ta ansvar i arbeidsmiljøet og ved å ta opp etiske spørsmål i avdelinga.
Kva er etisk standard?
