Asset 3

Bruk av alkohol og narkotika

Bremnes Seashore-konsernet er ein rusfri arbeidsplass, og vi aksepterer ikkje at tilsette er påverka av narkotika eller alkohol på jobb. I sosiale samanhengar kan representantar for konsernet konsumere moderate mengder alkohol der dette er forventa og passande. Alkoholbruk blir aldri akseptert som gyldig grunn for å bryte dei etiske retningslinjene.

I samarbeid med AKAN jobbar vi kontinuerleg med å førebygge og hjelpe tilsette med rus- og avhengigheitsproblematikk. AKAN er ein organisasjon som arbeider for å førebygge rusmiddelproblem i norsk arbeidsliv, og medverkar til at tilsette med slike utfordringar får hjelp. Gjennom AKAN-arbeidet ønsker vi å etablere gode system for å hindre og tidleg gripe tak i risikofylt bruk av rusmiddel, medikament og spel. Vi arbeider òg med å etablere hjelpetilbod for tilsette som har behov for det.

  • Eg melder frå til AKAN-kontaktane i selskapet dersom eg sjølv eller kollegaer slit med avhengigheit
  • Eg viser måtehald i alkoholbruken når eg representerer Bremnes Seashore-konsernet på arrangement og i sosiale lag i jobbsamanheng

Arbeidsreglement

Personalhandboka – AKAN

Å vere rusa på jobb kan føre til farlege situasjonar

Du finn AKAN-kontaktar i personalhandboka

Vår etiske standard

Etterleving