Asset 3

Intern og ekstern kommunikasjon

Workplace er Bremnes Seashore-konsernet sin interne kommunikasjonsplattform.

I ekstern kommunikasjon gjer vi det alltid tydeleg at vi ytrar oss som privatpersonar når vi deltek i det offentlege ordskiftet, i politisk verksemd eller i andre aktivitetar i tråd med ytringsfridomen vår. Vi skal ikkje gi inntrykk av at vi ytrar oss på vegner av Bremnes Seashore-konsernet.

Berre dei som har fullmakt kan ytra seg på vegner av konsernet. Dette gjeld også til media og offentlege styresmakter. Alle som skal uttale seg i offentlegheita må rådføre seg med kommunikasjonssjef på førehand. Vi viser til konsernsjef eller kommunikasjonssjef om vi får spørsmål frå media.

Vi sørger også alltid for at rapportering og annan informasjon til styresmaktene er rett og sannferdig. Økonomisk rapportering, rekneskap og informasjon til samarbeidspartnarar, leverandørar og kundar er alltid korrekt og gir eit korrekt bilde av den økonomiske situasjonen til konsernet.

  • Eg viser til konsernsjef eller kommunikasjonssjef om eg får spørsmål frå pressa

Vår etiske standard

Etterleving