Asset 3

Vern av selskapsinformasjon

I arbeidet får vi tilgang til og produserer informasjon som er viktig for konsernet. Denne informasjonen kan også vere av verdi for våre konkurrentar og andre. Slik informasjon kan til dømes vere prisar, kundelister, produksjonsdata, strategiarog arbeidsmåtar. Vi har derfor teieplikt om slik informasjon, også etter at vi har slutta i konsernet.

Vi kan gjennom arbeidet bli kjent med informasjon om børsnoterte selskap som ikkje er offentleg tilgjengeleg. Slik informasjon kan reknast som innsideinformasjon som er eigna til å påverke aksjekursen til selskapa. Vi har teieplikt om innsideinformasjon vi får kjennskap til, og vi har ikkje lov til å bruke informasjonen til personleg vinning. Vi handlar aldri med aksjar i selskap som vi har innsideinformasjon om.

  • Eg snakkar ikkje med eksterne om bedriftsintern informasjon
  • Eg held teieplikta om innsideinformasjon

Teieplikta om bedriftsintern informasjon gjeld også etter at eg har slutta i konsernet

Vår etiske standard

Etterleving