Kvalitet i alle ledd – frå rogn til ferdig produkt

Eit sterkt fokus på fiskevelferd i heile vekstfasen gjer laksen vår til ei råvare av beste kvalitet. Gjennom effektiv men samtidig skånsam og hygienisk prosessering og foredling, sikrar me at denne kvaliteten blir ivareteken heilt fram til ferdig produkt.

Fiskevelferd

Ein frisk laks som trivest i merden er også ein laks som veks godt og blir fast og fin i kjøtet. Derfor legg me stor vekt på å leggja til rette for god fiskehelse og -velferd i anlegga våre.

Les meir om fiskevelferd

Sertifisering

Bremnes Seashore er godkjend etter dei internasjonalt anerkjende standardane GLOBAL G.A.P., BRC og Friend of the sea. I tillegg oppfyller me ei rekke spesifikke krav stilt av kundane våre.

Les meir om sertifisering

Kvalitetssikring

Ved å kjenna historia til kvar einaste fisk, og å overvaka og kontrollera produksjonsprosessane våre, sikrar me laks av høg kvalitet.

Les meir om kvalitetssikring

Miljø og berekraft

Reint sjøvatn og tilgang på råvarer til fiskeforet er basisen for heile verksemda vår. Klart me er opptekne av miljø og berekraft!

Les meir om miljø og berekraft

Kompetanse

Dyktige og engasjerte medarbeidarar er ein føresetnad for å kunna produsera varer av høg kvalitet.

Les meir om vår kompetanse