Bremnes Seashore har ei målsetting om at aktivitetane våre skal påverka det ytre miljøet minst mogleg. Produksjonen vår skal vera berekraftig, og dette oppnår me gjennom klare strategiar og handlingsplanar for vern av miljøet.
Mellom anna overvakar me sjøkvaliteten og botnforholda rundt oppdrettsanlegga våre nøye, for å sikra ei berekraftig drift utan negative påverknader på miljøet. Vidare har me strenge kjeldesorteringsrutinar og returordningar for papir, restavfall, bioavfall, plast og spesialavfall. Me fokuserer også på best mogleg integrering av oppdrettsanlegga i lokalmiljøet, der me gjennomfører tiltak for å redusera miljøpåverknad i form av lys og støy.
Ferske avskjærs- og biprodukt frå produksjonen blir dagleg uttransportert for vidare bearbeiding. Blant anna blir det av innmat og bein produsert fiskeolje og proteinpulver, som kan nyttast til både humankonsum og til ingrediensar i dyrefôr. Såleis blir så mykje som 98 % av fisken nytta!
Lakseoppdrett er i dag den mest effektive forma for kjøtproduksjon me har. Laksen utnyttar foret betre enn både kylling og gris. Råvarene i fôret er fiskemjøl, fiskeolje, soyaolje, kornprodukt og belgfrukter. I samarbeid med fôrleverandørane våre arbeider me aktivt for å utvikla fôret slik at me utnyttar ressursane best mogleg. Me stiller til dømes krav til fôrleverandørane om at fiskeråstoffet som blir brukt i fôret skal vera frå berekraftige fiskeri. I tillegg nyttar me også fiskeråstoff som er biprodukt frå sild- og makrellindustrien. Bremnes Seashore vil også i framtida arbeida for å balansera uttaket av fiskebestandar og betra utbyttinga av fiskeråstoffet i fôret me nyttar, gjennom samarbeid med styresmakter og fôrleverandørar.
Rømming og lakselus er utfordringar me og resten av laksenæringa jobbar med. I Bremnes Seashore har me sett i verk fleire tiltak. Til dømes nyttar me nøter og merdar som er meir rømmingssikre enn det standarden krev, og gjennom aktiv bruk av rensefisk og brakklegging av større fjordområde har me oppnådd positive resultat i arbeidet med å redusera lakselus og andre biologiske utfordringar.