Bremnes Seashore ønskjer å skape sunne, trygge og gode arbeidsforhold for alle våre tilsette. For å skape gode arbeidsplassar er me avhengige av livskraftige lokalsamfunn der bedrifta er lokalisert. Gjennom vårt sponsorarbeid ønskjer me derfor å bidra til å skape mangfaldige lokalmiljø langs kysten der me driv verksemd.
Det er ein føresetnad at sponsoraktivitetane er i tråd med bedrifta sine etiske retningslinjer og at sponsorarbeidet reflektere bedrifta sine grunnverdiar; kunnskap, utvikling, truverd og trivsel. Det er vidare ein føresetnad at Bremnes Seashore blir gjort kjent som sponsor i organisasjonen ved gjennomføring av prosjektet/aktiviteten det vert tildelt midlar til.
Sponsormidlane vert delt ut kvart halvår, med søknadsfrist 1. mai og 1. november. Søknad må fyllast ut via søknadsskjema her på sida (søknader via e-post eller brev vil ikkje bli behandla).
Me prioriterer:
- Bredde, og gjer såleis heller litt til mange, enn mykje til få
- Lokale lag, foreiningar og organisasjonar i kommunane der me driv verksemd
- Prosjekt og aktivitetar som fremmer lokalt mangfald og tilbod innan kultur, idrett og miljøaktivitetar, med særleg fokus på barn og unge
Tildelingar hausten 2021
Tildelingar våren 2021
Tildelingar 2020
Tildelingar hausten 2019
Tildelingar våren 2019
Tildelingar hausten 2018
Tildelingar våren 2018
Tildelingar hausten 2017
Tildelingar våren 2017
Tildelingar hausten 2016
Tildelingar våren 2016