Bremnes Seashore ønskjer å skape sunne, trygge og gode arbeidsforhold for alle våre tilsette. For å skape gode arbeidsplassar er me avhengige av livskraftige lokalsamfunn der bedrifta er lokalisert. Gjennom vårt sponsorarbeid ønskjer me derfor å bidra til å skape mangfaldige lokalmiljø langs kysten der me driv verksemd.
Det er ein føresetnad at sponsoraktivitetane er i tråd med bedrifta sine etiske retningslinjer og at sponsorarbeidet reflektere bedrifta sine grunnverdiar; utvikling, truverd og arbeidsglede. Det er vidare ein føresetnad at Bremnes Seashore blir gjort kjent som sponsor i organisasjonen ved gjennomføring av prosjektet/aktiviteten det vert tildelt midlar til.
Sponsormidlane vert delt ut kvart halvår, med søknadsfrist 1. mai og 1. november. Søknad må fyllast ut via søknadsskjema her på sida (søknader via e-post eller brev vil ikkje bli behandla).
Me prioriterer:
- Bredde, og gjer såleis heller litt til mange, enn mykje til få
- Lokale lag, foreiningar og organisasjonar i kommunane der me driv verksemd
- Prosjekt og aktivitetar som fremmer lokalt mangfald og tilbod innan kultur, idrett og miljøaktivitetar, med særleg fokus på barn og unge