Ein viktig faktor for å lukkast med lakseoppdrett og å kunna levera kvalitetsprodukt, er å ta omsyn til fisken si helse og velferd. Alle lokalitetane våre er plassert på stader med reint vatn og gode straumforhold, der laksen får symja mot straumen og utvikla seg til sterk og sunn fisk.
Når ein fisk er sett ut i ei merd, let me han bli der frå han vert sett ut til han er fullvaksen. Me verken sorterer eller flyttar laks frå merdane. På den måten unngår me situasjonar som kan påføra fisken unødig stress.