Forsking og utvikling har gjeve oss dei beste resultata og våre eigne, patenterte produksjonsprosessar. Med ny teknologi produserer me lakseprodukt med jamnare og høgare kvalitet enn konkurrentane, og me har etablert SALMA som Noregs første merkevare for fersk fisk.
Bremnes Seashore har i dag hand om heile produksjonskjeda for laks, og me er ei av dei største privateigde oppdrettsverksemdene for laks i Noreg. Selskapet har oppdrettsanlegg i Hardanger, Sunnhordland og Rogaland, fordelt på 23 lokalitetar i 9 ulike kommunar. Me har i tillegg tre anlegg for produksjon av settefisk.
Hovudkontoret vårt ligg i Øklandsvågen i Bømlo kommune. Her har me halde til sidan starten i 1937, og her har me administrasjon, teknisk avdeling, og ikkje minst, vårt topp moderne anlegg for pakking og foredling av laks.
Vekst og aktivitet på ei rekkje ulike stader rundt på Vestlandet har gjort det viktig for selskapet å ha gode relasjonar og open dialog med dei ulike kommunane og lokalsamfunna der me har aktivitet. Bremnes Seashore har også vore ein aktiv støttespelar i samband med ungdomsarbeid, kultur og idrett i mange lokalsamfunn.
Med nærmere 500 tilsette fordelt på rundt 30 stader og lokalitetar, og eit snitt på 160 tonn lakseprodukt som skal transporterast ut i verda kvar einaste dag, er me også opptekne av å bidra til gode kommunikasjonsvegar for nærområdet vårt. Me arbeider aktivt for å betra vegstandarden på Bømlo, og har bidrege med finansiering i fleire lokale vegprosjekt.